Station to Station er det tiande studioalbumet til den engelske musikaren David Bowie, gjeve ut 23. januar 1976 av RCA Records. Det vert ofte rekna som eit av dei viktigaste albuma hans og er kjent for å introdusere den siste store «rollefiguren» til Bowie, The Thin White Duke. Innspelingane vart produserte av Bowie og Harry Maslin. Dei gjekk føre seg i Cherokee Studios i Los Angeles i California i siste halvdelen av 1975, etter at Bowie var ferdig med innspelinga av Nicolas Roeg-filmen The Man Who Fell to Earth. Biletet på plateomslaget er eit stillbilete frå filmen. Under innspelinga var Bowie kraftig påverka av dop, særleg kokain, og hevdar sjølv at han ikkje hugsa mykje av henne.
Musikalsk var Station to Station eit overgangsalbum for Bowie, der han utvikla funk- og soulmusikken frå det førre albumet Young Americans, med ei ny retning direkte inspirert av tyske elektroniske band som Kraftwerk og Neu!. Tekstane på albumet spegla emne Bowie var oppteken av, som Friedrich Nietzsche, Aleister Crowley, mytologi og religion. Med ei blanding av funk og Krautrock, romantiske balladar og okkultisme, har Station to Station vorte skildra som «både eit av dei mest tilgjengelege og utilgjengelege albuma til Bowie på same tid». Bowie sjølv har sagt at Station to Station var «ei bøn om kome attende til Europa for meg.»
Med singelen «Golden Years», som kom ut før albumet, nådde det topp fem på albumlistene i både Storbritannia og USA. Etter utgjevinga la Bowie ut på Isolar-turneen, der han ofte stod på scenen i rolla som The Thin White Duke. Då albumet var fullført, flytta Bowie til Berlin for å kome seg bort frå dopkulturen i Los Angeles. Musikkstilane utforska på Station to Station kulminerte med dei mest kritikarroste albuma hans, den såkalla Berlintriologien, spelt inn med Brian Eno i løpet av dei tre neste åra.
I 2020 vart albumet rangert på 53. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Albumet har blitt gjeve ut fleire gonger og vart ommastra i 2016 som ein del av plateboksen Who Can I Be Now? (1974–1976).
Bakgrunn I følgje biografen David Buckley, var Bowie, som på denne tida budde i Los Angeles, driven av eit «astronomisk» kokainmisbruk og levde på ein diett som bestod av paprika og mjølk, og var det meste av 1975 og 1976 i «ein tilstand av psykisk terror». Det sirkulerte soger — hovudsakleg frå eit intervju som delvis vart trykt i Playboy og Rolling Stone — om songaren som levde i eit hus fullt av gamle egyptiske ting, brennande svarte talglys, at han såg lik som fall forbi vindauga sitt, at hekser prøvde å stele sæden hans, at han fekk hemmelege meldingar frå The Rolling Stones, og at han levde i dødsfrykt frå Aleister Crowley-tilhengjaren Jimmy Page. Bowie sa seinare om L.A. at «den jævla plassen burde vore fjerna frå jorda».
Det var under filminga av den første store filmrolla hans, The Man Who Fell to Earth, at Bowie byrja å skrive på ein delvis sjølvbiografi kalla The Return of the Thin White Duke. Han skreiv òg musikk som han trudde skulle nyttast i filmen, men dette vart aldri noko av. Bowie anbefalte då John Phillips frå The Mamas and the Papas til å skrive og produsere den originale musikken for filmen i staden for. Regissøren Nicolas Roeg åtvara stjerna om at rolla som Thomas Jerome Newton truleg ville henge ved han ei stund etter produksjonen var ferdig. Med løyve frå Roeg utvikla Bowie sin eigen utsjånad for filmen og tok dette med seg ut i ålmenta og dei to neste plateomslaga det neste året. Det same gjorde Newton si kjensle av skjørheit og reservertheit.
The Thin White Duke vart talerøyret for Station to Station, og ofte det neste halve året òg for Bowie sjølv. Han var ulasteleg kledd i kvit skjorte, svarte bukser og vest, og The Duke var ein hol mann som song songar om romansar med ein forpint intensitet utan å føle nokon ting, «is utkledd som eld». Personen har vorte skildra som «ein galen aristokrat», «ein amoralsk zombie» og «ein kjenslelaus, arisk supermann». For Bowie sjølv var The Duke «verkeleg ein ufyseleg karakter.»
Produksjon Station to Station vart spelt inn i Cherokee Studios i Los Angeles seint i 1975. I 1981 meinte NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray at det vart spelt inn i løpet av «10 dagar med febrilsk aktivitet» - då Bowie meinte at det ikkje var noko håp for at han skulle lage musikken til The Man Who Fell to Earth. I nyare tid har det kome fram at albumet vart spelt inn i løpet av nokre månader, frå seint i september eller tidleg i oktober 1975 til seint november 1975, og var ferdig før Bowie byrja på innspelingane til filmen.
Tidlegare titlar for albumet var The Return of The Thin White Duke, og Golden Years. Station to Station vart medprodusert av Harry Maslin, produsenten som hadde vore med på innspelingane av «Fame» og «Across the Universe» på Young Americans. Tony Visconti, som hadde vore borte frå Bowie i tre år, hadde nyleg kome attende til Bowie og miksa Diamond Dogs og vore medprodusent på David Live og Young Americans, var ikkje med på dette albumet sidan han var oppteken med andre prosjekt.Buckley (2000): s. 269–270. Bowie nytta bandet han kom til å spele med resten av tiåret, med bassist George Murray frå Young Americans, trommeslagar Dennis Davis og rytmegitarist Carlos Alomar.
Station to Station var samprodusert av Harry Maslin, som hadde samarbeidd med Bowie på «Fame» og «Across the Universe» på Young Americans. Tony Visconti, som etter å ha vore borte i tre år kom attende til Bowie for å mikse Diamond Dogs og produsere David Live og Young Americans, var ikkje med på dette albumet fordi han hadde andre oppgåver han måtte gjere. Men innspelinga fastsette bandet som Bowie kom til å bruke resten av tiåret, med bassisten George Murray, trommeslagaren Dennis Davis og rytmegitaristen Carlos Alomar.
Innspelingsprosessen som vart utvikla med dette teamet sette standarden for albuma til Bowie opp til og med Scary Monsters (and Super Creeps) i 1980. Akkompagnementet vart spelt inn av Murray, Davis og Alomar; saksofon, klaverinstrument og sologitar vart lagt til (her av høvesvis Bowie, Roy Bittan og Earl Slick); solovokal og til slutt ymse produksjonstriks for å fullføre songen. I følgje Bowie: «Eg fekk nokre ganske fantastiske ting ut av Earl Slick. Eg trur det fanga fantasien hans som fekk han til å lage støy og teksturar på gitaren, i staden for dei riktige notane.» Alomar sa «Det var eit av dei mest fantastiske albuma eg har gjort nokon gong ... Me eksperimenterte så mykje på det». Maslin la til «Eg elska dei innspelingane fordi me var fullstendig opne og eksperimentelle i måten me gjorde det på».
Bowie sjølv hugsa nesten ingenting av innspelinga av albumet, ikkje ein gong studioet, og sa: «Eg veit det var i LA fordi eg har lese at det var det». Songen var ikkje aleine i kokainbruken under innspelinga og Carlos Alomar sa «om det finst ei linje kokain som held deg vaken til kl. 08 om morgonen slik at du kan gjere gitarparten din, så tar du den linja med kokain ... kokainbruken er driven av inspirasjonen.» Som Bowie hadde Earl Slick berre vage minne om innspelinga: «Det albumet er litt uklårt — av opplagte årsaker! Me var i studio og det var sprøtt - mange timar, mange seine kveldar.»
Plateomslaget nytta eit svartkvittbilete frå The Man Who Fell to Earth, der Bowie, som rollefiguren Thomas Jerome Newton, går inn i ein romkapsel som vil ta han heim att til heimplaneten hans. Bowie hadde insistert på eit skore svartkvitt-bilete sidan han meinte det originale fargebiletet hadde ein himmel som såg kunstig ut. Då Rykodisc gav ut katalogen til Bowie på ny tidleg i 1990-åra, vart fargeversjonen nytta. Baksida av plateomslaget syner Bowie som teiknar det kabbalistiske sefirot med kalk – noko han gjorde på filmsettet.
Stil og tema mini|Musikken på Station to Station er inspirert av tyske elektronicaband som Kraftwerk (avbilda i 1976). Station to Station er ofte omtalt som eit overgangsalbum i karrieren til Bowie. Nicholas Pegg, forfattar av The Complete David Bowie, kalla det «nøyaktig halvvegs mpå reisa frå Young Americans til Low», medan for Roy Carr og Charles Shaar Murray, «deler det effektivt 70-talet for David Bowie. Det avrundar æraen med Ziggy Stardust og plastikksoul, og introduserer den første smaken av den nye musikken som følgde på Low.» I følgje Bowie sjølv hadde den eurosentriske smaken på Station to Station det musikalske opphavet sitt i songar som «Aladdin Sane (1913-1938-197?)» og «Time» (1973), medan funk- og discoelementa var ei utviklinga frå soul-stilen på Young Americans (1975). I tillegg hadde Bowie byrja å bli inspirert av krautrock og elektronisk musikk av band som Neu! og Kraftwerk. Tematisk vitja albumet på ny konsept ein fann i songar som «The Supermen» frå The Man Who Sold the World (1970) og «Quicksand» frå Hunky Dory (1971): Nietzsche sitt 'overmenneske', okkultismen til Aleister Crowley, nazistane sin fascinasjon med mytologien kring den heilage gralen og Kabbalah. Pegg rekna temaet på albumet som ein samanstøyt mellom «okkultisme og kristendom».
Forfattaren David Sheppard skildra musikken på Station to Station som «iskald, syntetisert funk-rock.» AllMusic-skribenten Stephen Thomas Erlewine skreiv at «i kjernen er Station to Station avantgarde kunstrock», som omfattar «alt frå episke balladar og disco til syntetisert avant pop» medan det strekkjer «den lausrivne plastikksoulen frå Young Americans til det elegante, robotiske ekstreme.» I følgje Robert Christgau hadde eksperimenteringa til Bowie med afroamerikanske musikkstilar modna seg då Station to Station vart spelt inn, då plata approprierte dei «i ein særskild romsleg og ru kontekst». Han sa det la soul til «den mekaniske, fragmenterte, og heller brukte elegansen» utforska på Aladdin Sane. Pitchfork-skribenten Laura Snapes skildra stilen på plata som «ein hybrid av elektronisk R&B,» medan Erlewine rekna det som «skummel avant-pop.» I 2016 skildra Michael Gallucci frå Ultimate Classic Rock songane som «kunstfunk».
Den musikalske stilen på «Golden Years», den første songen spelt inn for albumet, var bygd rundt funk og soul frå Young Americans men med ein råare og malande snert. Han har vorte skildra for å bere med seg «ein atmosfære av anger av tapte mogelegheiter og tidlegare gleder». Bowie sa han vart skriven for - og avvist av - Elvis Presley, medan kona til Bowie på denne tida, Angie, hevda songen var skriven for ho. Songen vart ein Topp 10-singel på begge sider av Atlanteren, men vart sjeldan spelt på den påfølgjande Station to Station-turneen. «Stay» var ein annan riff-driven funk-song, «spelt inn i vårt kokain-vanvit», i følgje Alomar. Teksten har vorte tolka på forskjellig vis som å reflektere «usikkerheita rundt seksuelle erobringar», og som eit døme på «den falske romantikken til the Duke».
Det kristne elementet på albumet kom mest tydeleg fram i den salmeliknande «Word on a Wing», sjølv om kommentatorar meiner at religion, som kjærleik, berre var ein annan måte for the Duke «å teste kjensleløysa si» på. Bowie sjølv hevdar at i songen så er i det minste «lidenskapen genuin». Då han spelte songen live i 1999 sa han songen kom til under «dei mørkaste dagane i livet mitt ... eg er sikker på det var eit rop om hjelp». Avslutningsballaden «Wild Is the Wind», var den einaste coverversjonen på albumet, og har vorte hylla som ein av dei beste vokalprestasjonane til Bowie nokon gong. Bowie vart inspirert til å spele inn songen etter å ha møtt songaren, pianisten og låtskrivaren Nina Simone, som song denne songen på albumet Wild Is the Wind (1966).
Scenen frå The Man Who Fell to Earth der Thomas Jerome Newton sit føre mange fjernsynsskjermar, er sagt å delvis ha inspirert den mest livlege songen på albumet, «TVC15». Visstnok omhandlar òg songen kjærasten til Iggy Pop som vart eten opp av fjernsynet, og har vorte kalla «upassande munter» og «den skeivaste hyllesta til The Yardbirds ein kan tenke seg».