Ústí nad Labem er ein by og ein kommune med utvida fullmakter i distriktet Ústí nad Labem okres i regionen Ústí nad Labem kraj i Tsjekkia. Byen har status som lovbestemt by (tsjekkisk statutární město).

Ústí ligg heilt nord i landet, om lag 20 km frå grensa til Tyskland ved E55 mot Dresden. Byen ligg, som namnet nemner, ved elva Elbe (tsjekkisk Labe). Han har nesten 100 000 innbyggjarar, og er den niande største byen i landet.

Ústí ligg i eit fjellområde der elvane Bílina og Labe (Elbe) renn i hop, og er både ein viktig elvehamneby og jarnbaneknutepunkt. Byen er mellom anna fødestad for målaren Anton Raphael Mengs.

mini|venstre|Elbe flyt gjennom byen

Fram til 1945 var majoriteten av folkesetnaden tysktalande. 31. juli 1945 oppstod det ein eksplosjon ved eit nærliggande ammunisjonslager, og den kommunistiske revolusjonsgarden gav utan nærmare undersøking skylda på den tyske folkesetnaden. Mange tysktalande vart då avretta.

Under den tsjekkoslovakiske tida fanst det mykje tungindustri både i og utanfor byen, mellom anna kjemisk industri og ein kunstgjødselfabrikk midt i sentrum. På grunn av utslepp frå desse fabrikkane var byen ein av dei skitnaste i Europa. Skogområda rundt byen vart sterkt skada av forureining.

Ústí nad Labem fekk internasjonal merksemd i 1999 då ein bygde ein kontroversiell mur for å skilje romanifolk og etniske tsjekkarar frå kvarandre. Etter kraftige protestar vart muren riven ned att av dei tsjekkiske styresmaktene.

Administrativ inndeling

Då distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, vart det administrative ansvaret til distrikta ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP). Ústí nad Labem er ein slik by med utvida fullmakter.

Lovbestemt by Ústí nad Labem har status som lovbestemt by frå 1990.

Bydistrikt Som lovbestemt by har Ústí nad Labem rett til på eiga hand å opprette sjøvstyrande bydistrikt (tsjekkisk městské obvody). Det er oppretta fire slike distrikt. Grensene mellom dei følgjer ikkje alltid grensene mellom dei bydelane som ein ellers refererer til.

Storbyområde Som eit verktøy i økonomisk planlegging er det oppretta eit storbyområde for Chomutov, Ústí nad Labem og områda rundt. 22 kommunar frå det administrative området til Ústí nad Labem inngår i storbyområdet. Dei er merkte med * i lista nedanfor. I tillegg kjem 25 kommunar frå det administrative området til Chomutov og 85 kommunar frå ei rekkje andre administrative område i regionen.

Kommunar Det administrative området til Ústí nad Labem omfattar 23 kommunar. Av desse er 4 byar (tsjekkisk město). Bykommunar er utheva med halvfeit skrift.

Folketal Folketalet i det administrative området i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Ústí nad Labem SO 117 780 118 228 115 581

Kommunar Dei største kommunane i det administrative området: Kommune Folketal 2021 Ústí nad Labem 89 713 Chlumec 4 171 Trmice 3 097 Chabařovice 2 460 Velké Březno 2 316 Povrly 2 215 1 834 1 391 1 070

Byar og tettstader Dei største tettstadene i det administrative området: Tettstad Folketal 2021 Ústí nad Labem 35 015 Severní Terasa 18 965 Krásné Březno 12 417 Střekov 10 249 Neštěmice 5 509 Mojžíř 4 222 Chlumec 3 443 Trmice 2 645 Chabařovice 2 166 Velké Březno 1 658 1 655 Povrly 1 338 1 308 1 128

Bydelar i Ústí nad Labem Bydelane og tettstadene i Ústí nad Labem: Bydel/tettstad Folketal 2021 Ústí nad Labem-centrum 14 161 Božtěšice 496 Bukov 5 988 Habrovice 395 Hostovice 249 Klíše 6 944 Předlice 1 544 Skorotice 1 379 Strážky 234 Vaňov 755 Všebořice 2 870 Ústí nad Labem by 35 015 Neštěmice 5 509 Krásné Březno 12 417 Mojžíř 4 222 Severní Terasa 18 965 Střekov 10 249 1 308 179 129 89 503 1 128 Ústí nad Labem kommune 89 713

Bydistrikt i Ústí nad Labem Dei 22 bydelane fordeler seg slik på dei sjølvstyrande bydistrikta:

Bydistrikt Folketal 2021 Bydelar Ústí nad Labem-město 35 015 Ústí nad Labem-centrum, Božtěšice, Bukov, Habrovice, Hostovice, Klíše, Předlice, Skorotice, Strážky, Vaňov, Všebořice Ústí nad Labem-Neštěmice 22 148 Neštěmice, Krásné Březno, Mojžíř Ústí nad Labem-Severní Terasa 18 965 Severní Terasa Ústí nad Labem-Střekov 13 585 Střekov, Brná, Církvice, Kojetice, Olešnice, Sebuzín, Svádov Ústí nad Labem kommune 89 713

Merknader

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ústí nad Labem» frå , den 24. mars 2007.

Bakgrunnsstoff

Usti Usti Usti Usti