Lodger er det 13. studioalbumet til den engelske musikaren David Bowie, utgjeve 25. mai 1979 på RCA Records. Etter eit hendingsrikt år med to studioalbum, Low og “Heroes”, og mange andre sideprosjekt i 1977, la Bowie ut på Isolar II-turneen i 1978. Under ein pause i turneen kom Bowie saman att med samarbeidspartnaren Brian Eno og produsenten Tony Visconti for å spele inn det neste albumet sitt. Det siste albumet i Berlintrilogien vart hovudsakleg spelt inn i Mountain Studios i Montreux i Sveits, i september 1978. Dei fleste musikarane som hadde vore med på dei to førre albuma kom attende, i lag med den framtidige King Crimson-gitaristen Adrian Belew, som kom med frå turneen.
Under innspelinga vart det nytta teknikkar inspirert av Eno sine Oblique Strategies-kort, som at musikarane byta instrument og spelte gamle songar baklengs. Etter Isolar II-turneen, vart det gjort fleire opptak og miksing i Record Plant i New York City i mars 1979. Musikken på Lodger er skildra som kunstrock og eksperimentell rock, men manglar dei elektroniske og ambiente stilane og har ikkje den same delinga mellom songar og instrumentalar som dei to førre albuma. I staden hadde det ein meir vanleg songstruktur og utforskar stilar som avant-pop, verdsmusikk og new wave. Tekstane på albumet er delte inn i to større tema: reise (hovudsakleg side ein) og kritikk av den vestlege sivilisasjonen (hovudsakleg side to). Popartisten Derek Boshier tok det tilhøyrande plateomslaget og syner Bowie som eit offer for ei ulukke.
Lodger selde moderat og nådde fjerdeplassen på UK Albums Chart og 20. plassen på den amerikanske Billboard 200. Det inneheld fire singlar, inkludert den britiske topp 10-hitten «Boys Keep Swinging». Nyskapande musikkvideoar regisserte av David Mallet vart laga til tre av dei fire singlane. Albumet fekk opphavleg blanda kritikk frå kritikarane, og mange kalla albumet det svakaste i Berlintrilogien. I løpet av åra har albumet modna og kritikken har blitt betre og det vert i dag av mange rekna som eit av dei mest undervurderte albuma til Bowie. Verdsmusikkelementa har blitt trekt fram som særskild innverknadsrik. Bowie og Visconti var misnøgde med den originale miksen og i 2015 miksa Visconti albumet på ny med godkjenning frå Bowie for plateboksen A New Career in a New Town (1977–1982) som kom ut i 2017, i lag med ein ommastra versjon av den originale utgåva.
Bakgrunn I andre halvdel av 1976 flytta David Bowie til Sveits med kona Angela for å kome seg unna dopkulturen i Los Angeles. Han vart så særs produktiv dei neste åra. Han flytta til Château d'Hérouville i Hérouville i Frankrike med venen og songaren Iggy Pop. De rspelte dei to inn debutalbumet til Pop, The Idiot (1977). Han møtte så musikaren Brian Eno same året, og byrja ei rekkje samarbeid med Eno og produsenten Tony Visconti som vart kjend som Berlintrilogien. Det første albumet, Low, vart spelt inn her frå september til november 1976 med ekstra opptak i Hansa Tonstudio i Vest-Berlin, etter at Bowie og Pop flytta dit.
Etter Low kom ut i januar 1977 turnerte Bowie som klaverspelaren til Pop. Etter turneen var over drog dei to til Hansa Tonstudio, der dei spelte inn det neste soloalbumet til Pop, Lust for Life (1977) i løpet av to og ei halvveke, frå april til mai 1977. Bowie starta så det neste samarbeidet sitt med Visconti og Eno, det 12. studioalbumet hans, “Heroes”, som vart spelt inn i Hansa mellom juli og august 1977. “Heroes” kom ut i oktober 1977, og Bowie marknadsførte det stort med mange intervju og framføringa på ymse fjernsynsprogram, inkludert ei duett, «Peace on Earth/Little Drummer Boy», med songaren Bing Crosby på Bing Crosby's Merrie Olde Christmas. Han spelte så inn ei forteljing over den klassiske komposisjonen til Sergej Prokofjev, Peter and the Wolf, gjeve ut som eit album i mai 1978. Han spelte så i David Hemmings-filmen Just a Gigolo, og la til slutt ut på Isolar II-verdsturneen, som varte frå mars 1978 til slutten av året.
Innspeling og produksjon Innspelinga av Lodger byrja under ein fire månader lang pause i Isolar II-turneen i september 1978. Sjølv om Lodger er kjend som det siste albumet i Berlintrilogien, vart det i stor grad spelt inn i Mountain Studios i Montreux i Sveits, med ekstra lydspor for å fullføre albumet i Record Plant i New York City. Atmosfæren i Montreux var særs annleis frå den i Berlin. Studioet var bygd på staden der eit tidlegare studio hadde brend ned. Medan Hansa Tonstudio låg like ved Berlinmuren, låg Mountain Studios vakker til ved Alpane. Gitaristen Carlos Alomar skildra staden som «keisam», og føretrekte «spaninga» i Hansa. Mountain mangla òg akustikken i Hansa.
mini|upright=0.9|Den framtidige King Crimson-gitaristen Adrian Belew spelte på Lodger (avbilda i 2017). Mange av dei same musikarane frå dei tidlegare platene — Eno, Visconti, Alomar, Dennis Davis og George Murray — kom attende for Lodger-innspelinga. I tillegg fekk dei med seg den framtidige King Crimson-gitaristen Adrian Belew, som Bowie hadde «stole» då gitaristen turnerte med Frank Zappa. Den seinare bandkollegaen til Belew, Robert Fripp, hadde spelt gitar på “Heroes”. Mykje av gitararbeidet til Belew på Lodger vart sett saman frå fleire opptak spelt mot akkompagnement som han ikkje hadde høyrt før han spelte på dei, og kjende ikkje ein gong tonearten. Belew sa «Då eg kom hadde dei alt tjue spor klare: bass, trommer, rytmegitar, men ingen vokal. Dei sa ‘Me vil ikkje la deg høyre desse songane. Me vil at du skal gå inn i studio og spele kva enn som kjem til deg’.» Belew skildra den siste gitarsoloen på «DJ» som noko som høyrest ut som «du skiftar kanal på radioen og kvar kanal har ein forskjellig gitarsolo».
Under innspelinga nytta Bowie og Eno teknikkar baserte på Eno sine Oblique Strategies-kort. I følgje biografen Chris O'Leary var desse korta «dels-spåkake, dels-Monopol-sjansekort», meint å skape kreative idear. Eno og Bowie hadde tidlegare nytta dei på somme av instrumentalane på “Heroes”. Ved hjelp av korta utførte Bowie og Eno ei rekkje eksperiment under innspelingane. Somme av desse omfatta å spele gamle songar baklengs, nytte identiske akkordsekvensar på ulike songar og la musikarane byte instrument, som Alomar og Davis gjorde på «Boys Keep Swinging». Pianisten Sean Mayes sa: «[Bowie] var veldig glad i spontanitet. Han ønskte å ha alt spelt inn på første eller andre opptak, med feil og alt.» Biografen Nicholas Pegg skreiv at fleire songar, som «African Night Flight», «Yassassin» og «Red Sails», vart komponerte «kring ein melodisk samanstøyt av ulike kulturar». På grunn av det eksperimentelle preget under innspelingane var tidlege arbeidstitlar på albumet Planned Accidents og Despite Straight Lines. I motsetnad til tekstane på “Heroes”, som Bowie i stor grad improviserte medan han stod føre mikrofonen, skreiv han det meste av tekstane til Lodger seinare. Dei var ukjende under innspelingane i Mountain. Utanom «Yassassin» og «Red Sails», vart alle spora spelte inn med arbeidstitlar.
I tillegg til Oblique Strategies-korta til Eno, hugsa Visconti at Eno hadde meir spelerom under innspelingane enn han hadde hatt for Low og “Heroes”. For «Look Back in Anger» gav Eno bandet åtte av favorittakkordane sine og instruerte dei til å «spele noko funky». Alomar mislikte dette, og sa til biografen David Buckley at han var «fullstendig, fullstendig i mot det». Trass i at Eno tok kontroll ved visse tidspunkt, var han berre medlåtskrivar på seks av ti spor på albumet. Eno kjende at trilogien byrja å «gradvis få mindre momentum» med Lodger, og Belew observerte òg at arbeidsforholdet til Eno og Bowie gjekk mot ein slutt: «Dei krangla ikkje eller noko usivilisert som det. Det verka berre som dei ikkje hadde den gnisten eg trur dei hadde under "Heroes".» Visconti delte liknande tankar og sa ved fleire høve: «Eg trur ikkje David la heile sjela si i Lodger.» «Me hadde det moro, men det var likevel ei illevarslande kjensle som gjennomsyra albumet for min del.»
Innspelinga i Mountain Studios varte i tre veker, før bandet drog attende på turné. Då turneen var over drog Bowie til Record Plant i mars 1979, der han spelte inn vokalen og la til ekstra lydspor, og byrja miksinga. Belew kom attende for å spele meir gitar, medan Visconti spelte inn bass på «Boys Keep Swinging» på ny, etter at Bowie fann ut at spelinga til Davis ikkje passa. Arbeidet var ferdig på ei veke. Visconti hugsa at dei hadde «lydmessige problem» under miksinga, fordi studioet ikkje var like teknisk avanserte som dei europeiske studioa.
Musikalsk stil
Consequence of Sound skildra musikken på Lodger som kunstrock og eksperimentell rock, som dei hadde gjort på dei to føregangarane. Men albumet inneheld ikkje elektroniske og ambiente stilar og er heller ikkje delt mellom songar og instrumentalar, slik dei to tidlegare albuma var. Visconti sa: «Me droppa den ambiente side to og berre spelte inn songar!» På grunn av dette reknar Stephen Thomas Erlewine i AllMusic Lodger som den mest «lyttarvenlege» plata i Berlin-trilogien, og skildra songane som «forvridd avant-pop»; Belew skildra på same vis songane som «avantgarde popmusikk». Den musikalske teksturen, særskild på «African Night Flight», er rekna som ein føregangar for verdsmusikk, og Bowie sjølv rekna albumet som ein forløpar for stilen utvikla av Eno og David Byrne for My Life in the Bush of Ghosts (1981). Frank Mastropolo i Ultimate Classic Rock skreiv at Lodger kombinerer verdsmusikk og new wave i eit «popformat». Sjølv om Bryan Wawzenek, òg i Ultimate Classic Rock, meinte at Lodger var det meir lyttarvenlege albumet i Berlint-rilogien, meinte han òg at det var det mest eksperimentelle, med element av musikk frå Midtausten, reggae, verdsmusikk og Krautrock innafor det store utvalet av popsongar. Biografar har særskild peikt på det siste sporet på “Heroes”, «The Secret Life of Arabia», som ein forløpar for det Bowie kom til å gjere på Lodger, både musikalsk og tematisk.
Etter dei dystre Low og “Heroes”, har biografane skildra opningssporet, «Fantastic Voyage», som «overraskande delikat» og «fredeleg»; ein tanke forfattaren Peter Doggett meiner impliserer «ei mindre intens» plate. Songen har same akkordsekvens som «Boys Keep Swinging» og tre forskjellige musikarar speler mandolin, og kvar spelte inn sine partar tre gongar, slik at det i alt er ni mandolinar over kvarandre. Bowie komponerte «Move On» etter ved eit uhell å ha spelt den tidlegare songen sin «All the Young Dudes» baklengs, og så få Alomar til å så skrive ut den reverserte akkordsekvensen. «Yassassin» kombinerer funk og reggae, med fiolin spelt av Simon House for å skape ein stil som kan minne om ein folkesong frå Midtausten og tyrkisk musikk. Til dels inspirerte musikken til det tyske bandet Neu! songen «Red Sails», og dei hadde begge den same særeigne «motorik»-rytmen. Pegg skildra songen som «eit livleg stykke new wave-pop». Sporet er òg blitt samanlikna med Harmonia sin «Monza (Rauf und Runter)» frå 1975.