Bodin kyrkje er soknekyrkje for Bodin sokn i Bodø domprosti. Ho vart bygd rundt 1240 og vart påbygd i 1785 med eit tverrskip. I 1894 vart heile mellomalderdelen av kyrkja riven ned og bygd opp att i same stil. Kyrkja har steinalter frå 1300-talet og nokre treskulpturar frå seint 1400- eller tidleg 1500-tal. Kyrkja er i dag prega av interiør frå 1600- og 1700-talet. Altertavla er frå 1670, preikestolen frå 1600-talet med måleri av evangelistane på trappa opp. Desse er måla i 1754 av Gottfried Ezechiel. Elles er det 3 lysekroner frå 1760-åra i kyrkja.

Kyrkja vart restaurert i 1964. I 2002/2003 vart store arbeider gjort i samband med at kyrkja fekk nytt orgel. Kyrkja fekk nytt galleri og taket vart måla. I august 2003 vart det nye orgelet tatt i bruk. Det er eit barokkorgel bygd i Tyskland og er ein kopi av eit orgel frå 1700-talet.

Det er gudsteneste i Bodin kyrkje alle søndagar og heilagdagar. Årleg vert 40-50 par vigde i kyrkja, ho har 50-60 gravferder, om lag 180 dåp og 190 konfirmantar.

På motsett side av kyrkjegarden ligg Salten krematorium med eit religionsnøytralt seremonirom.

Bakgrunnsstoff Informasjon og bilete frå Den norske kyrkja Om altertavla

Kategori:Kyrkjer i Bodø Kategori:Freda bygg i Nordland Kategori:Norske kyrkjer frå 1200-talet Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Kyrkjer i Bodø Domprosti Kategori:Kulturminne i Bodø Kategori:Valkyrkjer i 1814 Kategori:Langkyrkjer i Sør-Hålogaland bispedømme