Venstre er eit politisk parti i Danmark. Partiet kallar seg òg Danmarks Liberale Parti. Det er eitt av to danske parti som er medlemer i Den liberale internasjonale. Det andre er Radikale Venstre, som oppstod som eit utbrytarparti frå Venstre i 1905. Det norske Venstre reknar Radikale Venstre som sitt danske systerparti, medan det danske Venstre ofte vert samanlikna med Høgre i Noreg.

Partiet si ungdomsrørsle heiter Venstres Ungdom.

Historie Venstre vart stifta i 1870 ved ei samling av forskjellige grupper som i samtida vart sedde som venstreorienterte, under namnet «Det forenede Venstre». Det første partiprogrammet kom i 1870. På den tida var Venstre i opposisjon til godseigarane og De Nationalliberale. Venstre sine motstandarar, som støtta kongemakta, vart seinare til Højre (avløyst av Det Konservative Folkeparti).

I 1905 braut Det Radikale Venstre ut av Venstre etter indre stridar. Venstre har etter dette vorte rekna som eit borgarleg parti grunna sin økonomiske politikk og det liberalistiske prinsipprogrammet. Det har bore namnet «Venstre» sidan 1910.

Venstre vart det største partiet i Danmark ved folketingsvalet i 2011, med 26,7 % av røystene, og 47 av 179 mandat i Folketinget.

Statsministrar frå Venstre

Venstre har hatt 11 statsministrar.

1901–1905: Johan Henrik Deuntzer, (Reformvenstre) 1905–1908: J. C. Christensen, (Reformvenstre) 1908–1909, 1920–1924: Niels Neergaard, (Moderat) 1909: Ludvig Holstein-Ledreborg 1910–1913: Klaus Berntsen, (Moderat) 1926–1929: Thomas Madsen-Mygdal 1945–1947: Knud Kristensen 1950–1953: Erik Eriksen 1973–1975: Poul Hartling 2001–2009: Anders Fogh Rasmussen 2009–2011, 2015–2019: Lars Løkke Rasmussen

Partileiarar 1929–1941: Thomas Madsen-Mygdal 1941–1949: Knud Kristensen 1949–1950: Edvard Sørensen 1950–1965: Erik Eriksen 1965–1977: Poul Hartling 1977–1984: Henning Christophersen 1984–1998: Uffe Ellemann-Jensen 1998–2009: Anders Fogh Rasmussen 2009–2019: Lars Løkke Rasmussen 2019–2023: Jakob Ellemann-Jensen 2023–2023: Stephanie Lose (konstituert) 2023– : Troels Lund Poulsen

Valresultat for Venstre Val til Folketinget 1960–2011

Årstal Prosent av røysteneMandat 2011 26,7 % 47 2007 26,3 % 46 2005 29,0 % 52 2001 31,2 % 56 1998 24,0 % 42 1994 23,3 % 42 1990 15,8 % 29 1988 11,8 % 22 1987 10,5 % 19 1984 12,1 % 22 1981 11,3 % 20 1979 12,5 % 22 1977 12,0 % 21 1975 23,3 % 42 1973 12,3 % 22 1971 15,6 % 30 1968 18,6 % 34 1966 19,3 % 35 1964 20,8 % 38 1960 21,1 % 38

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Venstre» frå , den 3. april 2007.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Danske politiske parti Kategori:Liberale parti Kategori:Skipingar i 1870