Bujumbura er den største byen og den økonomiske hovudstaden i Burundi. Bujumbura var hovudstad i landet fram til 2019, då stausen blei ført tilbake til Gitega. Byen ligg ved det nordaustlege hjørnet av Tanganyikasjøen og er ein viktig hamneby. I 2014 hadde han eit folketal på om lag 660 000.

I Bujumbura vert det mellom anna produsert tekstilar og såpe. Dei viktigaste eksportvarene i landet vert eksporterte herfrå, som kaffi, bomull, skinn og tinnmalm.

Vekst Bujumbura voks frå ein liten landsby etter han vart ein militærleir i Tysk Austafrika i 1889. Etter den første verdskrigen vart han det administrativet senteret i det belgiske folkeforbundmandatet Ruanda-Urundi. Namnet på byen vart endra frå Usumbura til Bujumbura då Burundi fekk sjølvstende i 1962. Sidan sjølvstendet har det ofte vore kampar i byen mellom dei to største etniske gruppene i landet, hutu-militsen mot den tutsi-dominerte hæren til Burundi.

Sentrumet av byen er ein koloniby med ein stor marknad, ein nasjonalstadion, ein stor moske, og ein katedral. Av museum i byen finn ein Burundi Livsmuseum og Burundi geologisk museum. Andre attraksjonar i nærleiken er Rusizi nasjonalpark, ein stein ved Mugere som visstnok er staden der David Livingstone og Henry Morton Stanley møttest (sjølv om ein meiner at møte deira fann stad i Ujiji i Tanzania), og kjelda til den sørlegaste sideelva til Nilen, lokalt kalla kjelda til Nilen.

Det går ferjer frå Bujumbura til Kigoma i Tanzania. I tillegg ligg Bujumbura internasjonale flyplass og Bujumbura universitet i byen.

I kulturen Byen er òg staden der disneyfilmen George of the Jungle finn stad.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bujumbura» frå , den 4. april 2007.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Burundi Kategori:Tidlegare hovudstader