Jacob Stefan Jervell () var ein norsk teolog, professor emeritus, forfattar og prest.
Jervell blei dr.theol. på avhandlinga Imago Dei i 1959, og var frå 1960 til 1988 professor i bibelvitskap ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo. Frå 1997 gjorde han i ein treårsperiode teneste som Professor II ved Universitetet i Tromsø. Han hadde òg gjesteprofessorat blant anna ved universiteta i Yale i USA og i Århus i Danmark.
Jervell takka i 1978 nei til førespurnaden om å bli biskop i Den norske kyrkja. Han var internasjonalt kjend som ekspert på nytestamentlege skrift, og var ein av Noregs mest markante teologar og samfunnsdebattantar. I delar av kyrkja blir han rekna som kontroversiell - og høyrer til den såkalla «liberale fløya».
Heidersteikn Riddarkrossen av St. Olavs Orden, tildelt 25. august 2000
Bakgrunnsstoff Erling Rimehaug : «Jacob Jervell er død» på vl.no (Vårt Land)
Kategori:Lutherske prestar Kategori:Norske forfattarar Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Folk frå Nes Kategori:St. Olavs Orden