Annecysjøen (fransk Lac d'Annecy) er ein innsjø i Haute-Savoie i Frankrike.
Han er den nest største innsjøen i Frankrike etter Bourgetsjøen, bortsett frå den franske delen av Genfersjøen. Han er òg kjend som «den reinaste innsjøen i Europa» på grunn av strenge miljøreguleringar som vart innført i 1960-åra. Innsjøen er ein populær turiststad, og vert mellom anna brukt til bading og vassport.
Innsjøen vart danna for rundt 18 000 år sidan av store alpine isbrear. Ho får vatn frå mange mindre elvar frå dei omliggande fjella (Ire, Eau morte, Laudon, Bornette og Biolon), og frå ei kraftig undervasskjelde, Boubioz, som munnar ut i eit djup på 82 meter.
Landsbyar rundt innsjøen Annecy Annecy-le-Vieux Doussard Duingt Lathuile Menthon-Saint-Bernard Saint-Jorioz Sevrier Talloires Veyrier-du-Lac
Sjå òg Faverges Montmin
Galleri
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lake Annecy» frå , den 15. april 2007.
Bakgrunnsstoff http://membres.lycos.fr/fliaigre/lac.htm (på fransk) Bilete av Annecysjøen og området rundt Bilete av Annecysjøen
Kategori:Innsjøar i Frankrike Kategori:Haute-Savoie