mini|250px|Alpilles-landskap nær Le Destet. Ein kan tydeleg sjå tre typar landskap her: dyrka land i dei lågare slettene, tre ved foten av fjellet, og berr stein på toppane. Alpilles er ei lita fjellkjede i Provence, sør i Frankrike, om lag 20 km sør for Avignon.

Geografi Fjellkjeda er eigentleg ei forlenging av den mykje større kjeda Luberon. Sjølv om ho ikkje er særleg høg, berre 387 meter på det høgaste, er ho lett synleg der ho stig bratt opp frå den flate sletta i Rhônedalen. Kjeda er om lag 25 km lang og mellom 8 og 10 km brei, og går frå aust til vest mellom elvane Rhône og Durance.

Landskapet i Alpilles er tørre kalksteinstoppar med tørre dalar i mellom.

Dyre og planteliv Dei lågare fjellsidene er planta med oliven og mandeltre med kermeseik og furu i tillegg. Mykje av fjellkjeda består derimot av berr stein eller steinete overflater med kratt og underskog.

Dei høgaste delane av fjellkjeda er eit naturreservat der ein finn fleire sjeldne artar, inkludert Bonellis ørn, egyptisk gribb og hornugle. Nokre av desse artane vart sett ut i Alpilles i 1980-åra.

Ymse mini|250px|Les Alpilles (1889), måla av van Gogh medan han hvar i Saint-Rémy Vincent van Gogh måla fleire landskap i Alpilles medan han var i Saint-Rémy-de-Provence på nordsida av fjella.

Dei tolv kommunane som ligg i området rundt Alpilles vart erklært «Regional Parc» i 2007, slik at det vert verna av EU sin miljøvernsplan Natura 2000.

Alphonse Daudet sin roman Tartarin sur les Alpes frå 1885, som er oppfølgjaren til Tartarin de Tarascon frå 1872 finn stad i Alpilles.

Den franske motstandsrørsla mot den tyske okkupasjonen av Frankrike under den andre verdskrigen byrja i desse fjella.

Turistattraksjonar i og rundt Alpilles

Vindmøllene i Fontvieille og Alphonse Daudet Les Baux de Provence Saint-Rémy-de-Provence og ruinane av den romerske byen Glanum Arles Orgon Montmajour Abbey Eygalières Saint-Étienne-du-Grès Eyguières Lamanon Mouriès

mini|centre|750px|Panorama av Alpilles

Bakgrunnsstoff Alpilles på nett (stort sett på fransk) Provence-Hideaways.com om Alpilles Natura 2000

Kategori:Fjellkjeder i Frankrike Kategori:Bouches-du-Rhône