Bièvre er ei elv i Île-de-France i Frankrike, som munnar ut i Seinen i Paris. Namnet tyder «bever» på norsk.
Den noverande leia skal ha vorte endra frå den opphavlege leia for å gje vatn til eit kloster utanfor bymuren til Phillipe-Auguste. Denne omleiinga kan ein sjå på kart over Paris frå 1200-talet. Tidlegare var elva kraftig industrialisert med møller for mange garveri. Dette førte med seg alvorleg forureining, som framleis er eit problem i dag. I dag renn elva i tunnelar under Paris, men ein har tenkt på å om ein skal opne visse delar av elva.
Bièvre har sitt utspring i Guyancourt i departementet Yvelines. Frå her renn elva gjennom følgjande departement og landsbyar: Yvelines: Jouy-en-Josas Essonne: Bièvres, Massy Hauts-de-Seine: Antony Val de Marne: L'Haÿ-les-Roses, Gentilly
Elva renn inn i Paris nær Stade Charléty, og munnar ut i Seinen i Latinarkvarteret nær Île de la Cité.
Bièvre Bièvre Bièvre Bièvre Bièvre