Vilaine (bretonsk Gwilen) er ei elv i Bretagne vest i Frankrike. Ho har sitt utspring i departementet Mayenne (53), og munnar ut i Biscayabukta og Atlanterhavet ved Tréhiguier i Morbihan. Ho er 225 km lang, og er knytt til elva Rance via Ille-Rance-kanalen i kommunen Évran.
Elveløpet Elva renn gjennom fire departement (Mayenne, Ille-et-Vilaine, Loire-Atlantique og Morbihan) og fire større byar (Rennes, Vitré, Redon og La Roche-Bernard).
Det er bygd tre demninga rundt Vitré for å hindre flaum:
1978 Valière-demingen 1982 Haute-Vilaine-demingen 1995 Villaumur-demingen
Hydrologi
Elva har ei vassføring mellom 2 og 1 500 m³/s.
Transport Vilaine er ein del av kanalsystemet i Bretagne. Delen frå Rennes til Atlanterhavet er framkomeleg for mindre fartøy. I Rennes er elva forbunde med Canal d'Ille et Rance og i Redon kryssar ho Canal de Nantes à Brest.
Sideelvar Dei største sideelvane til Vilaine er: Ille - Vaunoise Seiche Oust Isaac
Kjelder NoorderSoft database over vassvegar
Denne artikkelen bygger på «Vilaine» frå , den 23. april 2007.
Kategori:Elvar i Frankrike Kategori:Bretagne