The Wall Live in Berlin var ein enorm konsert i Berlin med påfølgjande konsertplate, der Roger Waters 21. juli 1990 spelte albumet The Wall i sin heilskap.

Historie mini|Bilete av scenen med den enorme muren Konserten vart halden på Potsdamer Platz (ein stad som var ein del av «ingenmannsland» då Berlinmuren kryssa plassen) og var større enn Wall-konsertane Pink Floyd heldt tidleg på 1980-talet. Waters fekk bygd ein 170 meter lang og 25 meter høg mur over scenen.Schaffner, s. 308 Konserten var seld ut til over 200 000 menneske, men tryggingsgjerdet utanfor området vart rive ned og meir enn 100 000 fleire folk trengde seg inn. Konserten vart send på direkten til 35 land og 500 millionar menneske.

Konserten vart aleine finansiert av Waters, men han tente alt tilbake på salet av CD og video av konserten i etterkant. Alt overskotet gjekk derimot til World War Memorial Fund for Disaster Relief.

Opphavleg prøvde Waters å få gjesteartistar som Peter Gabriel, Rod Stewart, Joe Cocker, Bruce Springsteen og Eric Clapton med på konserten, men dei var anten oppteken eller avslo. På eit radioprogram i juli 1989 sa Waters «Kanskje eg til og med lèt Dave (David Gilmour) spele gitar». 30. juni 1990 før Pink Floyd gjekk på scenen ved Knebworth fortalte Gilmour at dei hadde fått dei rettslege løyva dei trengde for å gjere Berlin-konserten, men at dei ikkje hadde vorte kontakta. Eit par dagar seinare svarte Waters tilbake at «han ikkje kunne skjøne kor Gilmour hadde fått ideen om at han var invitert frå».

Gjesteartistane som til slutt vart med på konserten var mellom anna Ute Lemper, The Band, The Hooters, Van Morrison, Sinéad O'Connor, Cyndi Lauper, Marianne Faithfull, Scorpions, Joni Mitchell, Jerry Hall, Paul Carrack, Tim Curry og Bryan Adams.

Framføringa var fleire stader ganske forskjellig frå den originale produksjon til Pink Floyd av The Wall. Både «Mother» og «Another Brick in the Wall, Part II» hadde lengre solar med forskjellige instrument. «In the Flesh» hadde ein lengre intro, og «Comfortably Numb» hadde ein lengre duellerande solo mellom dei to gitaristane, i tillegg til eit ekstra refreng på slutten av songen. «The Show Must Go On» var ikkje tatt med i det heile tatt, medan både «The Last Few Bricks» og «What Shall We Do Now?» var med. «The Trial» hadde skodespelarar i dei forskjellige rollene, der Thomas Dolby spelte læraren, hengande frå muren.

Setliste

«In the Flesh?» av Scorpions «The Thin Ice» av Ute Lemper & Roger Waters & the Rundfunk Orchestra & Choir «Another Brick in the Wall (Part 1)» av Roger Waters; saksofonsolo av Garth Hudson «The Happiest Days of Our Lives» av Roger Waters «Another Brick in the Wall (Part 2)» av Cyndi Lauper; gitarsoloar av Rick DiFonzo & Snowy White, synthsolo av Thomas Dolby «Mother» av Sinéad O'Connor & The Band; trekkspel av Garth Hudson, vokal av Rick Danko & Levon Helm; akustiske instrument av The Hooters. «Goodbye Blue Sky» av Joni Mitchell & the Rundfunk Orchestra & Choir ; fløyte av James Galway «Empty Spaces/What Shall We Do Now?» av Bryan Adams & Roger Waters & the Rundfunk Orchestra & Choir «Young Lust» av Bryan Adams, gitarsoloar av Rick DiFonzo & Snowy White «Oh My God - What a Fabulous Room» av Jerry Hall (intro til «One of My Turns») «One of My Turns» av Roger Waters «Don't Leave Me Now» av Roger Waters «Another Brick in the Wall (Part 3)» av Roger Waters (etterfølgt av «The Last Few Bricks») & the Rundfunk Orchestra & Choir «Goodbye Cruel World» av Roger Waters «Hey You» av Paul Carrack «Is There Anybody Out There?» av Rundfunk Orchestra & Choir; klassisk gitar av Rick DiFonzo & Snowy White «Nobody Home» av Roger Waters & the Rundfunk Orchestra & Choir, gitarsolo av Snowy White «Vera» av Roger Waters & the Rundfunk Orchestra & Choir «Bring the Boys Back Home» av The Rundfunk Orchestra & Choir & Militærorkesteret til Den sovjetiske hæren «Comfortably Numb» av Van Morrison, Roger Waters & The Band & the Rundfunk Orchestra & Choir, gitarsoloar av Rick DiFonzo & Snowy White «In the Flesh» av Roger Waters, the Rundfunk Orchestra and Choir, og Militærorkesteret til Den sovjetiske hæren «Run Like Hell» av Roger Waters «Waiting for the Worms» av Roger Waters og Rundfunk Orchestra and Choir «Stop» av Roger Waters «The Trial» av Rundfunk Orchestra and Choir, med: Tim Curry som Anklagaren Thomas Dolby som Læraren Ute Lemper som Kona Marianne Faithfull som Mora Albert Finney som Dommaren «The Tide is Turning (After Live Aid)» av the Company (vokalar av Roger Waters, Joni Mitchell, Cyndi Lauper, Bryan Adams, Van Morrison og Paul Carrack) & the Rundfunk Orchestra & Choir.

Medverkande

The Company Roger Waters: Vokal, bass, akustisk gitar på «Mother», rytmegitar på «Hey You» Scorpions: Klaus Meine: Vokal. Rudolf Schenker: Gitar. Matthias Jabs: Gitar. Francis Buchholz: Bass Herman Rarebell: Trommer Ute Lemper: Vokal Cyndi Lauper: Perkusjon, vokal Thomas Dolby: Synthesizer, vokal Sinéad O'Connor: Vokal The Band: Levon Helm: Vokal Rick Danko: Vokal Garth Hudson: Trekkspel, saksofon The Hooters: Akustiske instrument Joni Mitchell: Vokal James Galway: Fløyte Bryan Adams: Gitar og vokal Jerry Hall: Vokal Paul Carrack: Vokal Van Morrison: Vokal Tim Curry: Vokal Marianne Faithfull: Vokal Albert Finney: Vokal

The Bleeding Heart Band Rick DiFonzo: Gitar Snowy White: Gitar Andy Fairweather-Low: Bass, gitar, vokal Peter Wood: tangentinstrument Nick Glennie-Smith: tangentinstrument Graham Broad: Trommer Stan Farber: Korist Joe Chemay: Korist Jim Haas: Korist John Joyce: Korist

Andre Rundfunk orkester, dirigert av Michael Kamen. Rundfunk kor. Militærorkesteret til Den sovjetiske hæren

Merknadar Før konserten byrja vart det korte framføringar av The Hooters, The Band og The Chieftains, men ingen av desse songane vart gjeve ut. Under TV-sendinga av konserten forsvann straumen under den andre songen, «The Thin Ice» og «Another Brick in the Wall (Part 1)». Songane vart spelt på ny for innspelinga av videoen. «Mother» vart òg forstyrra av straumbrot. Roger Waters prøvde å få Sinéad O'Connor til å synge hennar del ein gong til, eller mime til songen, medan feilen vart fiksa. Ho vart fornærma av å bli bede om å mime, og kom ikkje tilbake for å gjere ein ny innspeling, som dei gjorde med «The Thin Ice». I staden nytta dei opptaket frå øvinga kvelden før. Jerry Hall vart kritisert for hennar del som groupie på sporet «One of My Turns». Kona sin del av «The Trial» måtte spelast inn på nytt i studio, fordi opptaka hadde for dårleg kvalitet. Konsertutgåva med Van Morrison av «Comfortably Numb» er nytta i Martin Scorsese-filmen The Departed.

Salslister Liste (1990)PlasseringDen australske albumlista10Den austerrikske albumlista25Den kanadiske RPM-lista12Den nederlandske albumlista15Den franske albumlista Search for Roger WATERS and click OK.6Den tyske albumlista10Den newzealandske albumlista4VG-lista17Den svenske albumlista34Den sveitsiske albumlista11UK Albums Chart27US Billboard 20056

Salstrofé

Kjelder Schaffner, Nicholas. Saucerful of Secrets: The Pink Floyd Odyssey, 1991. ISBN 0-517-57608-2

Bakgrunnsstoff The Wall Live in Berlin

Kategori:Roger Waters-album Kategori:Album produserte av Roger Waters Kategori:Konsertalbum frå 1990

de:The Wall#Geschichte