Melbu kyrkje ligg i Melbu i Hadsel kommune i Nordland fylke. Kyrkja høyrer til Melbu sokn i Vesterålen prosti. Kyrkja er ei langkyrkje i tre. Ho vart innvigd 18. november 1936 og skal ha 250 plassar. Arkitekt for kyrkja var Harald Sund.
Tidligare kyrkje Melbø korszhus er omtala i Reformatsen i 1589. Dette kapellet frå mellomalderen (truleg ei stavkyrkje) gjekk ut av bruk allereie før 1694. I 1750 skal det framleis ha stått, men vore så skrøpeleg at ein ikkje kunne halde gudsteneste i det. Nøyaktig plassering er ikkje kjend.Brendalsmo
Bilde frå kyrkja
Andre kyrkjer i Hadsel Grønning kyrkje Hadsel kyrkje Hanøy kyrkje Innlandet kyrkje Sand kyrkje
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Nordland fylke (Riksantikvaren, 2016), s. 94–95
Den norske kyrkja i Hadsel Eldre fotografi av kyrkja på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
Kategori:Kyrkjer i Hadsel Kategori:Kyrkjer i Vesterålen prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1938 Kategori:Harald Sund Kategori:Kulturminne i Hadsel Kategori:Langkyrkjer i Sør-Hålogaland bispedømme