mini|portrett|Norsk skilt som angjev motortrafikkveg. mini|Wellington Urban Motorway på New Zealand.

Motortrafikkveg (tidlegare motorveg klasse B) er ein type veg som er særskilt lagt til rette for køyring med bilar i høg fart, utan at han oppfyller alle krava som gjev motorvegstatus. I Noreg er motortrafikkveg ein vegklasse.

Motortrafikkvegar var tidlegare kjent som «motorveg klasse B», eit omgrep som kunne skapa misforståingar ettersom vegane altså ikkje hadde motorvegstandard. Omgrepet motortrafikkveg var i bruk i Danmark (motortrafikvej) og Sverige (motortrafikled).

Bruk Køyretøy som ikkje kan køyra over ein viss fart, har ikkje løyve til å køyra på ein motortrafikkveg. Kryssande vegar går gjerne i tunnel under motortrafikkvegen, eller på ei bru over han. Fotgjengarar har ikkje høve til å gå ved ein motortrafikkveg, men det er gjerne lagt til rette med gang- og sykkelveg tilknytt han.

Utbygging I Noreg har ein fleire gonger bygd ut motortrafikkvegar til fullgode motorvegar, mellom anna på enkelte strekk av Europaveg 6 gjennom Østfold. Ei slik oppgradering gjev ikkje store problem ettersom traséane allereie er passande for motorvegar og fleire av kryssa allereie er planskilde.

Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Motorvei» frå , den 28. januar 2008.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Vegar