Kveite (Hippoglossus hippoglossus), på Austlandet ofte kalla hellefisk, er ein flyndreart som held til i det nordlege Atlanterhavet. Han er ein av dei største flatfiskane me kjenner til; hoene kan bli opptil 300 kg, og over 3,5 meter lange. Hannane blir berre 50 kg. Fisken vert mykje nytta til mat.
I Nord-Noreg har det frå gamalt av vore knytt eit namnetabu til namnet «kveite». Ein skulle ikkje nemna det mens ein var på havet, elles slo fisket feil. I staden sa ein «gudsfisken».
mini|venstre|Færøysk frimerke med bilde av kveite.
Namn
Namnet «hellefisk» har opphav i nemninga heilag fisk eller helgefisk. I katolsk tid vart kveita eten i helger, når det var forbode å ete kjøt.Falk og Torp: Etymologisk ordbok Ordet «kveite» er avleidd av «kvit» – kveita er kvit på undersida.
Kjelder
Kategori:saltvassfisk Kategori:matfisk Kategori:flyndrefisk