Ei avtaksforretning var ein rettsleg prosess før i tida, der ein kunne få redusert skatteverdien til ein eigedom. Skatten blei på denne tida kalla landskyld.
Rund Jostedalsbreen blei det heldt fleire avtaksforretningar under Den vesle istida på slutten av 1600-talet og byrjinga av 1700-talet, på grunn av at ulike gardar fekk store skadar i samband med framrykkande brear, flaum, steinsprang eller ras.
Kjelder:
Aschehougs leksikon frå 1970-talet
Nesje, Atle: Eit tragisk 250-års minne; raset frå Brenndalsbreen den 12 desember 1743 som utsletta garden Tungøyane, Oldedalen i Nordfjord
Kategori:Landbrukshistorie