Nanterre er ein kommune i dei vestlege forstadane av Paris i Frankrike. Han ligg 11,1 km frå Paris sentrum og om lag 3 km frå byen Paris, men har eigen bystatus. Nanterre er préfecture (administrasjonssenter) i departementet Hauts-de-Seine i regionen Île-de-France, i tillegg til setet i Arrondissementet Nanterre. Innbyggjarar i Nanterre vert kalla Nanterriennes (kvinner) og Nanterriens (menn).

Forretningsstrøket La Défense ligg i dei austlege delane av Nanterre og har nokre av dei høgaste bygningane i Paris-området. Mange store selskap har hovudkvarter i dette distriktet, og rettssalen i Nanterre er kjend i media for å handsame mange høgprofilerte søksmål og rettssaker. I byen ligg òg universitetet Université Paris X - Nanterre, eit av dei største universiteta i området rundt Paris.

Heilage Geneviève, vernehelgen for Paris, vart fødd i Nanterre om lag år 419-422.Katolsk leksikon St. Genevieve

I 2002 skaut og drap ein misnøgd lokal aktivist åtte bystyremedlemmar i det som den franske pressen kalla Nanterre-massakeren.

Kjelder

Kategori:Byar i Île-de-France Kategori:Hauts-de-Seine Kategori:Byar i Frankrike Kategori:Paris