Noisy-le-Grand er ein kommune i dei austlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 15,2 km frå Paris sentrum, men har eigen bystatus og like over 60 000 innbyggjarar.

Kommunen Noisy-le-Grand er ein del av sektoren Porte de Paris, ein av fire sektorar som utgjer den «nye byen» Marne-la-Vallée.

Namn Namnet Noisy kjem frå det mellomalderlatinske ordet nucetum , som tyder «valnøttlund», etter valnøttrea som voks i området i antikken (valnøtt på fransk er noyers).

Tilnamnet «le-Grand» (mellomalderlatinsk: Magnum), som tyder «den store» vart lagt til i mellomalderen, sannsynlegvis for å skilje byen frå den mindre busetnaden Noisy-le-Sec, som stundom vart kalla Nucenum Minus («Noisy den litle»).

Bakgrunnsstoff

Kategori:Seine-Saint-Denis Kategori:Byar i Frankrike Kategori:Byar i Île-de-France Kategori:Paris