mini|Ajjanar-statue i eit tempel nær Madurai.
Ajjanar er ein hinduisk landsbygud som blir dyrka i store delar av Tamil Nadu. Han blir ofte identifisert med Ajjappan, som blir dyrka i Kerala, og med Sjasta og Tsjátan, som blir dyrka i både Tamil Nadu og Kerala. Guden vernar mot vonde ånder og andre plager, straffer dei som gjer gale, og oppfyller ønske.
Utsjånad mini|venstre|Ajjanar-statue med hest utstilt i Chennai i Tamil Nadu. Ajjanar er ein krigargud som vernar eit visst område, til dømes ein landsby. Statuar og tempel til han er ofte plassert ved grensa til landsbyen, eller nær vasskjelder. Guden er utforma med ein fryktinngytande og imponerande utsjåande, ofte med stor bart, mange smykke, våpen i handa og gjerne sitjande til hest. Tidlegare var det vanleg med gudestatuar av sand og stein med naturfargar; i dag blir dei ofte måla med gilde fargar.Just cliking: Aiyanar
Plassering i mytologien mini|Statue av elefant med tilbedarar utanfor eit Ajjanar-tempel. Nær guden finn ein ofte også statuar av konene, Pusjkala og Purnakala, andre menneske og dyr, særleg hestar og elefantar. Rundtom kvart tempel er det vanleg å ha statuar av lågare gudar. Ajjanar har som oftast 21 underordna gudar rundt seg. Karuppusami er namnet på den viktigaste følgjesveinen.Via Negativa blog archive
Ein kan også finna Ajjanar-statuar i Sjiva-tempel. Han blir då omtala som sonen til Sjiva, som blei fødd for å nedkjempa demonkongen Tarkkan (Daksja), og for å verna landsbyen.David Mosse: Catholic Saints and the Hindu Village Pantheon in Rural Tamil Nadu, India. Man, New Series, Vol. 29, No. 2. (Jun., 1994), pp. 301-332. På liknande vis er det òg mogleg for nokre av gudane underordna Ajjanar å ha eigne tempel.
Dyrking mini|Utøvarar framfører ei musikalsk forteljing ved eit ajjanartempel under panguni uththiram-høgtida. Prestar for Ajjanar blir kalla podjari. Dei kan koma frå ulike kastar, men ofte frå ei med nokså låg status, og er sjeldan brahminar. Yrket går ofte i arv innan familien. Guden har eit nært samband med pottemakarar, som jamleg lager nye dyrestatuar til hans ære. Dei har ofte òg status som prestar.
Høgtider for Ajjanar blir feira med tradisjonell tamilsk folkemusikk og -dans. Ofte ofrar ein leirfigurar til guden, gjerne av rotter eller slangar som guden vernar mot, eller forma som noko ein har bede om som guden har oppfylt.
Ajjanar skil seg frå mange andre landsbygudar ved at ein sjeldan ofrar dyr til han, men i staden utfører ein «vegetariske» podjaer, som for dei høgareståande gudane i den hinduiske mytologien, Visjnu og Sjiva. Derimot kan ein ofra til gudane som er underordna Ajjanar.
Geografisk og sosial utbreiing Området der ein dyrkar Ajjanar i Tamil Nadua ligg mellom elvane Godavari og Palaru.J. R. Marr: Review: Contribution à l'étude d'Aiyanār-Sāstā by Marguerite E. Adiceam. Bulletin of the School of Oriental and African Studies, University of London, Vol. 32, No. 2. (1969), p. 458. Gudsdyrkinga speglar noko av tilhøvet mellom kastane i landsbyane i dette området. Til dømes dyrkar kallar-kasten ofte Ajjanar. Tsjakkilijar, som står lågare på kastestigen, dyrkar ofte den underordna guden Conajjar.William McCormack: Review of Hierarchy and Marriage Alliance in South Indian Kinship. and Une Sous-Caste de L'Inde du Sud: Organisation Sociale et Religion des Pramalai Kallar by Louis Dumont. The Journal of Asian Studies, Vol. 19, No. 4. (Aug., 1960), pp. 486-488. Ein annan undergud, Sonaisami, er alltid plassert utanfor hovudtempelet. Han blir dyrka av urørbare, som sjeldan våger seg heilt inn til statuen av Ajjanar.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Hindugudar Kategori:Tamilsk kultur