Muhammad al-Mahdī (også Muhammad ibn Hasan ibn Ali og Qasim Muhammed) eller den skjulte imamen er i fylgje Tolvarretninga i Shia den siste av dei tolv imamane og mahdien (ein messias). Han vert innanfor denne religiøse retninga rekna som den store frelsaren.Muḥammad al-Mahdī al-Ḥujjah i Encyclopedia Britannica Dei truande meiner at Muhammad var fødd i 868 og har vore skjult av Gud (ghayba) sidan 878 for seinare å stå opp att for å fullbyrde misjonen sin.Ghaybah i Encyclopedia Britannica Når han står opp att skal det oppstå ein fullkommen islamsk stat med fred og rettferd til endetida.Mahdi i Encyclopedia Britannica Før mahdien står opp att meiner ein det vil vere ei stor krise i verda der alle leiande doktriner og ideologiar vil falle saman og store leiarar i verda vi forsøke å løyse problema, men dei vil feile. Dei truande trur då at det vil verte klart at det er ingen som kan skape rettferd i verda utanom Gud sitt sendebod, mahdi. Interessa for mahdien har auka i samband med fleire historiske kriser.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Islam