Amazonas er største delstaten i Brasil, og ligg i nordre del av landet. Hovudstaden er Manaus. Nabodelstatar er (frå nord med klokka): Roraima, Pará, Mato Grosso, Rondônia og Acre. Delstaten grensar òg til Loreto-regionen i Peru, departementet Amazonas i Colombia, samt delstaten Amazonas i Venezuela.
Andre byar: Barcelos
Geografi Amazonas er skogkledd, ligg i tropisk regnskog, og delstaten dekkjer store delar av regnskogen i Amazonas. Delstaten har namn etter Amazonaselva.
I denne delstaten finn ein òg det høgste fjellet i Brasil. Toppen av Pico da Neblina er på 2994 moh. og ligg i grenseområdet mot Venezuela.
Regnskogen i Amazonas vert normalt delt inn i tre kategoriar: igapos - permanent land under vatn, røtene til vegetasjonen ligg alltid under vatn. varzeas - høgare enn igapos, landet vert sett under vatn i flaumperiodar lågplatå - høgste nivå, vert aldri sett under vatn.
Økonomi Økonomien i Amazonas var tidlegare basert på eksport av gummi. I dag er økonomien meir variert og inkluderer blant anna jordbruksprodukt kor ein dyrkar cassava og appelsinar. Delstatshovudstaden Manaus er eit vektig produksjonssenter i Brasil, ei rekkje nasjonale og utanlandske føretak har fabrikkar i byen.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Delstatar i Brasil