Lure er ein liten by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Haute-Saône i regionen Bourgogne-Franche-Comté. Byen hadde 8 267 innbyggjarar i 2007.

Historie Eit benediktinarkloster vart bygd her i 959. Grevar frå Alsace heldt til ved klosteret, som hadde nær kontakt med Alsace. Rundt 1340 reiste munkane festningsverk for å verne seg mot åtak frå huset Valois. Frå 1392 var byen underlagt hertugane av Austerrike. Klosteret vart nedlagd i 1790 under den franske revolusjonen.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Haute-Saône Kategori:Byar i Frankrike Kategori:Byar i Bourgogne-Franche-Comté