Saint-Claude er ein by og kommune i aust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Jura i regionen Bourgogne-Franche-Comté og har om lag 12 000 innbyggjarar.

Byen vart opphavleg kalla Saint-Oyand etter St. Eugendus. I 687 då St. Claudius hadde fråtredd frå bispedømet Besançon og i 696 døydde som den tolvte abbeden, byrja pilegrimar å vitje grava hans. På 1200-talet vart pilegrimane så mange at namnet «Saint-Claude» vart nytta meir og meir, og i dag har det tatt over for det gamle.

Bakgrunnsstoff Domkyrkja i Saint-Claude

Kategori:Departementet Jura Kategori:Byar i Frankrike Kategori:Byar i Bourgogne-Franche-Comté