London er hovudstaden i Storbritannia og er ein storby som ligg sør i England ved elva Themsen. London er ein av dei største byane i Europa, har ei historie som strekkjer seg to tusenår attende, og har i løpet av den tida vore senter for fenomen som renessansen og den industrielle revolusjonen. Sentrumet City of London har stort sett hatt dei same grensene fram til i dag, men sidan 1900-talet har omgrepet London blitt nytta om heile metropolen rundt. Dette området er i dag ein region i England og har sin eigen administrasjon med vald borgarmeister og forsamling.

Byen er i moderne tid eitt av dei viktigaste politiske, økonomiske og kulturelle sentera i verda. Mykje av grunnen til dette er at London var hovudstad for det britiske imperiet, og dermed maktsenter for store delar av kloden i nær tre hundre år.

Sjølve byen har 7 825 000 innbyggjarar (2010),http://www.statistics.gov.uk/cci/nugget.asp?id=1155 men om ein reknar heile storbyområdet, kjem ein opp i mellom 12 og 14 millionar innbyggjarar. Byen er med det den største i EU etter folketal.http://www.statistics.gov.uk/cci/nugget.asp?id=384

Definisjon

Når ein skriv «London» reknar ein oftast området kjent som Stor-London, eit område som både er eit grevskap og ein region. Midt inne i dette området ligg City of London, som er eit eige grevskap, lokalt kjent som the City eller the Square Mile. Det urbane området voks kraftig i viktoriansk tid og igjen i mellomkrigstida. I 1940-åra førte andre verdskrig, og vidare lovgiving omkring det grøne beltet, til at veksten stoppa opp.

Det finst mange moglege definisjonar på området London, for eksempel postdistriktet, politidistriktet, området som har London sitt retningsnummer og London sitt pendlarbelte. Desse har sjeldan vore heilt overlappande. Omkring 40 prosent av Stor-London blir dekt av London sine postområde.HMSO, The Inner London Letter Post, 1980 Området med London-retningsnummer dekker eit omtrent like stort område som Stor-London, men grensene avviker noko. Ein definisjon som har blitt tatt i bruk i mange samanhengar er området innanfor ringvegen M25, og grensa for Stor-London har nokre stader blitt flytta for å bli tilpassa til vegen.

Byen sitt nominelle sentrum er ved Charing Cross, ikkje langt ifrå Trafalgar Square, på omkring 51°30′29″N, 00°07′29″W.

Status mini|Tower Bridge med City of London til høgre.

Heile det urbane området blir ofte kalla ein city ut frå ein geografisk definisjon. Administrativt og formelt er dette ikkje korrekt; Stor-London er ein region som blant anna omfattar to cities (City of London og City of Westminster), fleire towns (byar av lågare status), og andre område.

London sin status som hovudstaden i Storbritannia har aldri formelt blitt tildelt eller godkjent skriftleg. London vart kalla hovudstad etter at monarken flytta frå den tidlegare hovudstaden Winchester til London; i mellomalderen var hovudstaden ofte definert som den byen monarken budde i.

Administrasjon

London består av 32 bydelar, som kvar er styrt av sitt eige valde bydelsstyre. I perioden 1986–2000 var det bydelane som styrte London, kvar på sitt område, utan eit felles bystyre. Det er ennå eit visst lokalt sjølvstyre i bydelane. Kvar bydel er til dømes ansvarleg for renovasjon og ein del andre offentlege tenester. Dei er delt i to grupper, indre London og ytre London.

City of London er ikkje ein bydel på lik linje med dei andre, men ein sjølvstendig by som ligg midt i London. City of Westminster har også eigen bystatus, men blir administrert som ein vanleg bydel.

Den sentrale administrasjonen, Greater London Authority, består av borgarmeisteren av London og London-forsamlinga. Han blei innført i 2000.

Geografi mini|Geologisk kart over London-området. Stor-London dekkjer eit område på 579 km², som gjer byen til ein av dei største byane i verda etter areal. Eit hovudelement i geografien til byen er Themsen, som renn gjennom byen frå sørvest mot aust og er framkomeleg for båtar. Thames Valley er ein flat dal avgrensa av slake åsar. Sidan det ikkje finst naturlege grenser for veksten til byen, har han ein rundvoren form ut i frå det historiske bysentrumet.

London består av 32 bydelar, som kvar er styrt av sitt eige valde bydelsstyre.

mini|Thames Barrier. Themsen var ein gong breiare og grunnare enn i dag, og rann gjennom myrlandskap. Gjennom omfattande bygging av dike har elva blitt smalare. Mange av dei mindre elvane som renn ut i Themsen i London er lagde i røyr. Themsen er ei elv med tidvatn, og byen er derfor sårbar for oversymjingar."Flooding" - Environment Agency, henta 26. oktober 2006. På grunn av ei senking av landskapet, har denne faren auka over tid. I 1974 starta ein derfor bygginga av Thames Barrier ved Woolwich for å kontrollere vasstanden. Ein reknar med at ein kan få behov for endå ei demning lenger ned i elva i nær framtid. Themsen blir kryssa av ei rekke bruer og tunnelar, som til dømes London Bridge.

Nullmeridianen, som lengdegradane blir rekna ut frå, går gjennom Greenwich i London. Sidan 1884 har denne staden vore utgangspunktet for all fastsetting av lengdegradsposisjonar.

Klima

London har eit temperert klima med regelmessig, lett regn gjennom heile året. Juli er den varmaste månaden, med ein gjennomsnittstemperatur ved Greenwich på 13,6 °C til 22,8 °C. Den kaldaste månaden er januar, med gjennomsnittleg 2,4 °C til 7,9 °C. Den årlege nedbøren er 583,6 mm, og februar er normalt den tørraste månaden.

Snø er uvanleg i sjølve London, trass i at det jamt er snøfall i området omkring; dette grunna at den ekstra varmen storbyen genererer gjer byen omkring 5 °C varmare om vinteren enn områda omkring.

Forureining mini|Smog gav atmosfære til Claude Monet sitt måleri av det engelske parlamentet frå 1904. Mot slutten av vikingtida vart det mangel på ved i London og folk fyrte med kol av dårleg kvalitet. Dette førte til mykje røyk, som blanda seg med skodde. Så tidleg som 1272 la kong Edward den 1. ned forbod mot å fyre med sjøkol.Urbinato, D., London's Historic "Pea-Soupers", U.S. Environmental Protection Agency, 1994. Fleire kongar freista å koma problemet til livs, men så lenge det ikkje fanst noko alternativ heldt folk fram med å nytta kol og problemet auka. Om vinteren kunne røykskodda ligga tjukk fleire månadar i strekk. Når ho var på det verste var det så dårleg sikt at folk gjekk seg vill i sin eigen bydel. Det gjekk på helsa laus og luftvegsjukdommar som bronkitt førte til at folk døydde i hundrevis. Vinteren 1901–1902 var sikten i gjennomsnitt rundt 800 m. I 1952 var det så ille at rundt 4000 menneskje døydde på ein dag. I 1956 vedtok parlamentet ei lov som forbaud fyring med kol i London, og denne gongen vart lova handheva. Etter dette vart londonlufta mykje reinare enn før, men aukande trafikk har ført til at londonlufta framleis er sterkt forureina. Når ein nærmar seg London i bil om vinteren har lufta over byen ofte ein gul-brun farge.

Historie mini|Med Tower of London sikra Vilhelm Erobraren seg kontroll over byen.

Då romarane kom til Dei britiske øyane var det som skulle bli London ein liten landsby i trinovantane sitt område. Byen blir gjerne rekna som grunnlagt av romarane, ca. år 50, då under namnet Londinium. I år 61 blei byen brend ned av icenarane, men han blei raskt bygd opp igjen. Den eldste delen av byen låg nord for Themsen, særleg i dagens City of London. Byen blei tidleg i det 2. århundret hovudstad for provinsen Britannia.

Frå 800-talet og utover blei byen herja fleire gonger av danske og norske vikingar, og i 846-848 kontrollerte vikingar byen. Den siste invasjonen skjedde i 1066, då Vilhelm Erobraren vann slaget ved Hastings og overtok makta i England.

I 1078 starta bygginga av Tower of London. På 1100-talet blei Westminster sete for regjeringa og seinare for parlamentet. Tower of London er Englands best bevarte mellomalderfestning. Den mest sentrale delen av festninga, The White Tower, stod ferdig i 1097. The White Tower har opp gjennom åra vore kongebustad, fengsel, våpenlager og opphaldstad for kronjuvelar.

I 1665 blei byen ramma av pest og 70 000 menneskje døydde. Året etter ramma den store bybrannen London og berre ein femtedel av byen stod igjen etter at over 13 000 hus og 84 kyrkjer blei brende ned.

På slutten av 1800-talet var London den største byen i verda, og var som senter for det britiske imperiet den leiande handels-, industri-, finans- og hamnebyen i verda.

mini|Brann og ruinar under Blitzen. Under andre verdskrigen blei London hardt ramma av bombing. Store område blei lagde i grus; både industri, offentlege bygg og bustadområde blei ramma under «Blitzen», då London og andre britiske byar blei bomba 57 netter på rad. Med skiftande intensitet varte bomberaida heilt til sluttfasen av krigen. Dette har bidrege sterkt til å forma London slik byen er i dag. Slumområde med høg folketettleik i det austlege London blei hardt ramma, då dei låg tett inntil industri og hamner, og mange av dei evakuerte som hadde mista alt blei gjeve nye heimar i offentlege bustadområde i forstadane.

I 1965 blei området til byen kraftig utvida, ved at Stor-London, som både er grevskap og region, blei oppretta. Brorparten av Middlesex og delar av Essex og Surrey blei då tekne opp i byen.

I 2005 blei London utpeika til å halde dei olympiske sommarleikane i 2012, noko som førte til nye, store planar for utbygging i byen. London har tidlegare arrangert OL i 1908 og 1948. Dagen etter OL-avgjerda, 7. juli 2005, blei London ramma av det største bombeangrepet sidan andre verdskrigen. 52 menneskje mista livet og meir enn 700 blei skada då islamistiske terroristar utløyste sjølvmordsbomber på t-banen og ein buss.

Byplanlegging og byutvikling mini|Kart over London rundt år 400. Det romerske Londinium var ein liten by samanlikna med London i dag. Den omfatta eit område som omtrent svarar til City of London. Rundt området var ein bymur, og på romersk vis blei det laga eit tilnærma rettvinkla gatenett. Den mest dramatiske hendinga i denne perioden var då byen brann ned i 61. Oppbygginga ser ut til å ha basert seg på omtrent same mønster som før. På denne tida var det berre éin kryssingsstad over Themsen i London, ei bru som blei bygd omkring år 46.

Då romarane trekte seg ut frå Storbritannia ved starten av 400-talet kom angelsaksarane til makta i området. Kor raskt forfallet av den romerske byen og framveksten av det angelsaksiske London skjedde er uklart, men det ser ut til at gatenettet blei stadig meir uregelmessig. Det kom etterkvart, særleg frå 800-talet og utover, mange kyrkjer i byen. Det er verdt å bite seg merkje ved at London endå ikkje hadde blitt hovudstaden i riket. Med erkebispesetet i Canterbury og Winchester som setet til kongen, var London først og fremst eit handelssentrum grunna Themsen, og ikkje byen med makta.

Etter normannarane si erobring av England i 1066 endra dette seg. Tower of London blei eit viktig kongeleg slott, og Westminsterpalasset blei sete for regjeringa. Med det starta ei ny fase i utviklinga av byen, med fleire slott, administrasjonssenter og kraftigare folkeauke. Denne utviklinga gjekk ikkje føre seg etter nokon plan. Dei sentrale områda av London blei sterkt fortetta, med smale gater og høg folketettleik. Utviklinga omfatta i lita grad dei ytre delane av London i dag; inntil jernbanen kom var det fortsett ei dagsreise til Watford Gap, som i dag ligg rett utanfor grensene til byen. Områda utanfor sentrum var derfor framleis stort sett landsbygd, med nokre få, spreidde byar inntil 1800-talet.

mini|John Evelyn sin plan for oppbygging av London etter brannen i 1666.