Lot-et-Garonne er eit departement sørvest i Frankrike. Departementet ligg i regionen Aquitaine og er kalla opp etter elvene Lot og Garonne.
Historie Lot-et-Garonne er ein av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Han vart danna frå delar av dei tidlegare provinsane Guyenne og Gascogne. Nokre av dei opphavlege søraustlege kantonane vart skild ut i 1808 og vart ein del av departementet Tarn-et-Garonne.
Geografi Lot-et-Garonne er ein del av regionen Aquitaine og grensar til departementa Lot, Tarn-et-Garonne, Gers, Landes, Gironde og Dordogne.
Økonomi Næringsmiddelindustri, kjemikaliar og lækjemiddel er alle store industriar i departementet.
Demografi Innbyggjarane i departementet vert kalla lot-et-garonnais.
Bakgrunnsstoff
Prefekturet si nettside Offisiell side Handelskammer og industri i Lot-et Garonne
Kategori:Franske departement