mini|To vestgotiske fibulaer med ørneform. mini|Vestgotisk tremissis-mynt frå 500-talet.
Vestgotarane, visigotane eller terwingane var ei undergruppe av gotarane, eit germansk folkeslag som slo seg ned i Romarriket i seinantikken. Dei er best kjende for å ha oppretta eit kongedøme i Hispania (dagens Spania og Portugal).
Under styret sitt i Hispania bygde vestgotarane fleire kyrkjer som har overlevd og etterlet seg fleire kunstgjenstandar, som gullkrossar og votivkroner, som det er funne fleire av i nyare tid. Vestgotarane grunnla dei einaste nye byane i Vest-Europa frå fallet til Vestromarriket fram til karolingarane fekk makta i Frankarriket på midten av 700-talet. Mange vestgotiske namn er framleis i bruk på moderne spansk og portugisisk.
Vestgotarane er fyrst kjende frå Balkan, som ei romersk-alliert barbarisk militærgruppe leia av Alarik I. Tilhøva mellom romarane og vestgotarane varierte, med traktatar når det passa dei, og krigføring elles. Under Alarik si leiing invaderte dei Italia og herja Roma i august 410. I 418 blei dei foederati eller forbundsfellar av romarane, og slo seg ned i sørlege Gallia. Dette utvikla seg til eit sjølvstendig kongerike med hovudstad i Toulouse. Vestgotarane utvikla styret sitt inn i Hispania, på kostnad av suebiane og vandalane der. I 507 blei det vestgotiske styret i Gallia enda av frankarane under Klodvig I, som nedkjempa dei i slaget ved Vouillé.
I eller rundt 589 konverterte vestgotarane under Reccared I frå arianisme til nikensk kristendom, og gjekk gradvis over til kulturen til dei hispano-romerske undersåttane sine.
Lovsamlinga Lex Visigothorum frå midten av 600-talet avskaffa den tidlegare praksisen med å ha ulike lovar for det hispano-romerske folket og vestgotarane. Etter at det juridiske skiljet mellom romani og gothi forsvann blei dei alle kjende som hispani. 600-talet var prega av kyrkjemøta i Toledo, og hundreåret er kjent som , hundreåret av kyrkjemøte. I 711 blei vestgotarane overvunne av invaderande arabarar og berbarar i slaget ved Guadalete. Kong Roderik og mange medlemmer av den vestgotiske eliten blei drepne, og kongeriket braut raskt saman. Kort tid etter grunnla Pelayo eller Pelagius Kongeriket Asturias nord i Spania, og la grunnlaget for den kristne gjenerobringa av området, reconquista.
Namn Vestgotarane var fyrst berre kalla gotarar, men blei omtalte som visigotar av Cassiodorus då han skildra nederlaget deira mot Klodvig I i 507. Cassiodorus laga truleg omgrepet med grunnlag i austgotarar eller osthrogotar, men nytta det eldre namnet vesi, eit stammenamn diktaren Sidonius Apollinaris allereie hadde nytta om vestgotarane på 400-talet.
Eit anna stammenamn som er knytt til vestgotarane er thervingi, som Ammianus Marcellinus omtalte som gotarar. Før Sidonius Apollinaris blei vesi fyrst nemnd i , ei liste frå seint 300 eller tidleg 400-tal over romerske militærstyrkar. Denne liste inneheld også den siste kjende nemninga av «thervingi» i ei klassisk kjelde.
Historie right|thumb|upright=1.35|Hovudvandringane til vestgotarane. mini|Den største utstrekkinga til det vestgotarane kongeriket Toulouse i lys og mørk oransje kring 500. Kongeriket Toulouse frå 585 til 711 i mørk oransje, grønt og kvitt.
Kongedømet i Dakia
Visigotane rådde i Dakia gjennom det meste av 300-talet, til dei blei jaga ut av hunarane i åra etter 375. Den siste kongen i Dacia heitte Athanarik. Etter at hunarane kom var dei mange visigotar som flydde til Austromarriket og vart hardt mishandla av romarane. Under leiing av hovdingane Alaviv og Frithigern gjorde dei opprør mot romarane og slo dei i Slaget ved Adrianopel i 378. Etter det fekk dei løyve til å busetja seg i Illyria mot å verja Romarriket mot aust. Mange gotiske hovdingar, mellom dei Alarik, gjekk inn i den romerske hæren og fekk utdanning der. Gotarane slost saman med keisar Theodosius i Slaget ved Frigidus i 494 mot tronranaren Eugenius, og leid store tap. I åra som følgde laut romarane gong på gong stagge dei, men dei heldt seg i ro, grunna avtaler mellom Alarik og vandalhovdingen Stilicho, som var øvste leiar for den vestromerske hæren.
Plyndringa av Roma
Etter at Stilicho var avsett og drepen, blei rettane til vestgotarane på Balkan dregne attende, og Alarik førte folket sitt på hemntog til Italia. Dette hærtoget enda med plyndringa av Roma i 410, etter to års omleiring. Alarik sjølv døydde rett etterpå, og kongeveldet vart teke opp av Athaulf, som gjorde fredsavtale med romarane og gifte seg med systera til keisaren Honorius. Han førte så folket vestetter til Spania og søre Gallia, og oppretta eit kongedøme der, med hovudstad i Toulouse.
Toulouse-kongedømet (Regnum Tolosanum)
Visigotarkongane fekk mandat av den romerske keisaren til å rå for Gallia og store delar av Spania mot å halde dei andre germanske stammane der i sjakk. Ein visigotarhær slost på romersk side i Slaget på Katalaunarmarka i 451, der kongen deira, Theodorid, fall. Regnum Tolosanum vara frå om lag 415 til 507, då Alarik II blei slegen av frankarkongen Chlodovech (Klodvig). På den tida hadde alt mange visigotarar flytt til Spania, som før berre hadde vore ein grensemark.
Kongedømet i Spania
Vestgotarriket i Spania vara frå 507 til 711. Då frankarane vann fram, mista vestgotarane halve riket sitt til kong Chlodovech, og dei laut bygge ein ny hovudstad i Toledo. Dei gjekk over frå arianismen til katolisismen i 589, og byrja samstundes ei forfølging av jødane. Hundreåret etter blei riket jamnt svakare, og kongane laut stri både med frankarkongane og med maurarane. Dei mista taket på Spania i 711, og drog seg attende til fjella lengst nord, der dei oppretta kongedømet Asturia under visigotarhovdingen Pelayo.
Kultur
Arkitektur
mini|San Pedro de la Nave, ei vestgotisk kyrkje i Zamora i Spania. Under styret sitt over Hispania bygde vestgotarane fleire kyrkjer i basilika- eller krossformstil som har overlevd til våre dagar, som kyrkjene San Pedro de la Nave i El Campillo, Santa María de Melque i San Martín de Montalbán, Santa Lucía del Trampal i Alcuéscar, Santa Comba i Bande og Santa María de Lara i Quintanilla de las Viñas. Den vestgotiske krypten (San Antolín-krypten) i Palencia domkyrkje er eit vestgotisk kapell frå midten av 600-talet som blei bygd under Wamba for å ta vare på leivningane til martyren Antoninus av Pamiers, ein vestgotisk-gælisk adelsmann som blei ført frå Narbonne til Hispania i 672 eller 673 av Wamba sjølv. Dette er dei einaste restane av den vestgotiske domkyrkja i Palencia.
mini|venstre|portrett|Vestgotisk søyle frå 600-talet i Badajoz.
Reccopolis, som i dag ligg nær den vesle landsbyen Zorita de los Canes i provinsen Guadalajara i Castile-La Mancha i Spania, er eit arkeologisk funnområde av ein av minst fire byar som blei grunnlagde av vestgotarane i Hispania. Dette er den einaste byen som blei grunnlagd i i Vest-Europa mellom 400- og 700-talet. Det var kong Liuvigild som gav ordre om å reisa byen for å heidra sonen Reccared og for å vera setet til Reccared som medkonge i provinsen Celtiberia, vest for Carpetania, der hovudstaden Toledo låg.
Gullsmedkunst
høgre|mini|portrett|Fibula med ørnehovud frå Pietroasele-skatten, som blei oppdaga i Romaniaog er blitt tilskriven vestgotarane. I Spania blei det funne ei viktig samling av vestgotisk metallkunst i Guadamur i Provinsen Toledo, kjend som Guarrazar-skatten. Dette arkeologiske funnet består av tjueseks votivkroner og gullkrossar frå den kongelege verkstaden i Toledo, med teikn på bysantinsk innverknad. Ifølge spanske arkeologar representerer denne skatten høgtpunktet i visigotisk gullsmed. Dei to viktigaste votivkrona er dei til Recceswinth og Suintila, som er stilte ut i det nasjonale arkeologiske museet i Madrid. Begge er laga av gull og innkrusterte med safirar, perlar og andre edelsteinar. Det er fleire andre små kroner og mange votivkrossar i skatten.
Dei ørneforma fibulaene som er funne i nekropolisar som Duratón, Madrona eller Castiltierra (i Segovia) er kjennelege teikn på vestgotarane i Spania. Desse fibulaene blei nytta individuelt eller i par, som festemiddel for klede i gull, bronse og glas og syner virket til gullsmedane i vestgotiske Hispania.
mini|Vestgotisk beltespenne. Kopparlegering med granatar, glas og lapis lazuli. Metropolitan Museum of Art (New York) Visigotiske beltespenner, som er eit symbol på rang og status som karakteriserer vestgotiske kvinneklede, er òg kjenneteikna av gullsmedkunst. Nokre verk inneheld eineståande lapis lazuli innlegg i bysantinsk stil og er generelt rektangulære, med kopparlegering, granatar og glas.
Juss Den visigotiske lovsamlinga (latin Forum Iudicum), òg kalla Liber Iudiciorum (Dommarboka) og Lex Visigothorum (Vestgotarloven), blei utforma av kong Chindasuinth (642-653 e.Kr.). Lovane hadde vore ein del av den aristokratiske munnlege tradisjonen til vestgotarane, og blei nedteikna skriftleg i år 654. Denne boka har overlevd i to særskilte kodeksar som no er i El Escorial i Spania. Lovsamlinga går i meir detalj enn ein typisk moderne grunnlov, og fortel mykje om den sosial strukturen til vestgotarane. Samlinga avskaffa den gamle tradisjonen om å ha ulike lover for romarar (leges romane) og vestgotarar (leges barbarorum), og under henne slutta alle undersåttar i det vestgotiske kongedømet å vera romani og gothi og blei i staden hispani. Alle undersåttane i riket var under same jurisdiksjon, noko som eliminerte sosiale og juridiske skilnadar og underbygde større assimilasjon av dei ulike folkegruppene i landet. Den vestgotiske lovsamlinga markerer også overgangen frå romarlov til germansk lov.
Eit av dei største vestgotiske bidraga til familierett var å verna om eigedomsretten til gifte kvinner, som blei fortsett innan spansk lov og til slutt utvikla seg til systemet med felleseige som finst i det meste av Vest-Europa.
Religion mini|portrett|Detalj av votivkrona til Recceswinth frå Guarrazar-skatten. Dei hengande bokstavane seier [R]ECCESVINTHVS REX OFFERET [Kong R. ofrar denne]. mini|Side frå den illuminerte tekstamlinga Codex Vigilanus eller Codex Albeldensis. Før mellomalderen følgde vestgotarane, som andre germanske folkeslag, ei tru som no blir kalla germansk heidendom. Medan dei germanske folka sakte blei omvende omsett til kristendomen med ulike middel, sat mange element frå den før-kristne kulturen att etter omvendingsprosessen, særleg i dei meir landlege og avsidesliggande regionane.
Vestgotarane, austgotarane og vandalane blei kristna medan dei framleis var utanfor Romariket. Dei konverterte til arianismen i staden for den nikenske versjonen (trinitarianismen) som blei følgd av dei fleste romarar, og blei derfor rekna som kjettarar av romarane. Det var dermed eit religiøs skilje mellom vestgotarane, som lenge hadde følgd arianismen, og dei katolske undersåttane deira i Hispania. Det var òg store sekteriske skilje blant den katolske folkesetnaden på halvøya, noko som bidrog til toleranse for dei arianske vestgotarane. Vestgotarane ville ikkje blanda seg inn i usemjene til katolikkar, men ønskte seg høfleg omgang og offentleg orden. Kong Liuvigild (568-586) prøvde å gjenoppretta den politiske eininga mellom den vestgotisk-arianske eliten og den hispano-romerske katolske befolkninga gjennom ein doktrinell avtale om kompromiss i trussaker, men dette lukkast ikkje. Kjelder tyder på at dei iberiske vestgotarane heldt på den arianske kristendomen sin, særleg blant eliten, fram til slutten av styret til Liuvigild. Då Reccared I konverterte til katolisismen forsøkte han å sameina riket under ei einskild tru. venstre|mini|Kapitel frå den vestgotiske kyrkja San Pedro de la Nave i Zamora.