Haute-Vienne er eit departementet vest i sentral delar av Frankrike. Departementet ligg i regionen Limousin, og er kalla opp etter elva Vienne.
Den største byen og préfecture i Haute-Vienne er Limoges. Alle andre byar i departementet har mindre enn 20 000 innbyggjarar.
Historie Haute-Vienne er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Limousin.
Geografi Kjelda til elva Charente ligg i departementet, nær Rouchechouart.
Departementet er i dag ein del av regionen Limousin og grensar til departementa Creuse, Corrèze, Dordogne, Charente, Vienne og Indre.
Demografi Innbyggjarane i departementet vert kalla haut-viennois..
Bakgrunnsstoff
Prefekturet si nettside Offisiell nettside
Kategori:Franske departement