Nyons er ein liten by og kommune søraust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Drôme og har om lag 7 000 innbyggjarar.
Nyons har eit svært mildt mikroklima, noko som gjer det til ein god stad for folk med pusteproblem. Derfor er det oppretta ein spesial klinikk her til dette føremålet.
Historie Nyons vart grunnlagd på 500-talet fvt. som Nyrax av ei gallisk stamme, sannsynlegvis Segusiavi eller Sequani. Hecataeus nemnde Nyrax rundt år 500 fvt. då han skriv om keltarar. Han ligg ved elva Aigues eller Eygues, som er kryssa av ei antikk bru.
mini|venstre|Ei romansk bru i Nyons
Kategori:Drôme Kategori:Byar i Frankrike Kategori:Byar i Auvergne-Rhône-Alpes