Côtes-d'Armor (bretonsk:Aodoù-an-Arvor) er eit departementet nordvest i Frankrike. Departementet ligg nord i regionen Bretagne.
Historie Côtes-du-Nord var eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Bretagne. Namnet vart endra i 1990 til Côtes-d'Armor (ar mor tyder havet på bretonsk). Namnet har òg ein historisk samanheng til minne om den romerske provinsen Armorica.
Geografi Departementet er i dag ein del av regionen Bretagne og grensar til departementa Finistère, Morbihan og Ille-et-Vilaine, med Den engelske kanalen i nord.
Demografi Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla costarmoricains.
Kultur Det har vore spente debattar om det bretonske språket i mange delar av Bretagne, og mange som brukar bretonsk vil ha tospråklege skular. Gallo vert òg snakka i aust og mange skular har tilbod om språket, i tillegg til universitetsgrader i det.
Bakgrunnsstoff
Prefekturet si nettside Offisiell nettside Offisiell turistside
Cotes-d'Armor