Saint-Jean-d'Angély er ein by og kommune vest i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Charente-Maritime i regionen Nouvelle-Aquitaine og har om lag 8 000 innbyggjarar.
Geografi Saint-Jean d'Angély ligg i sentrum av Pays of the Vals de Saintonge nær motorvegen A10, 140 km frå Bordeaux og 410 km frå Paris.
Historie 5. mars 1588 vart Henri I. de Bourbon, prins av Condé, drepen av ein mann som hadde eit forhold til kona hans Charlotte de la Tremoille.
I 1621 vart Saint-Jean-d’Angély teken av Louis XIII.
Det kongelege klosteret i byen er bevart og står i dag på UNESCO si verdsarvliste
Økonomi Økonomien til byen og omgjevnadane med om lag 30 000 innbyggjarar baserer seg på næringsmiddelindustri, produksjon av alkohol (Pineau) og konjakk. Turistindustrien er i ferd med å utviklast.
Bakgrunnsstoff
Senteret for europeisk kultur
Kategori:Charente-Maritime Kategori:Byar i Nouvelle-Aquitaine