Ribeauvillé (elsassisk Rappschwihr; tysk Rappoltsweiler) er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Haut-Rhin i regionen Grand Est og har om lag 5 000 innbyggjarar.
Den pittoreske byen ligg om lag 15 km nord for Colmar og 75 km sør for Strasbourg.
Historie Byen vart på 700-talet kalla Rathaldovilare og byen gjekk frå biskopane av Basel til herrane av Rappoltstein, som var dei mest kjende adelsmenna i Alsace. Herrane av Rappoltstein verna dei omvandrande trubadurane i landet mot betaling.
Då familien forsvann i 1673 gjekk denne oppgåva som «konge over spelemenna» (Pfeiferkönig) vidare til greveane av Zweibrücken-Birkenfeld. Trubadurane hadde eit pilegrimskapell nær Rappoltsweiler tileigna vernehelgenen deira Maria von Dusenbach, og her heldt dei ein fest den 8. september kvart år. Ribeauvillé vart kalla Rappoltsweiler fram til 1800-talet.
Bakgrunnsstoff
Turisside
Kategori:Haut-Rhin Kategori:Byar i Grand Est