Leif Andreas Larsen (), mest kjend under namnet Shetlands-Larsen, var ein norsk krigshelt under andre verdskrigen.
Leif Larsen vart fødd i Bergen Han er den mest kjende av Shetlandsgjengen, eller dei som tenestegjorde i marineavdelinga Shetlandsbussen under andre verdskrigen. Shetlandsgjengen hadde base på Shetlandsøyane. 52 gongar kryssa han Nordsjøen under krigen, mange gonger i vanlege norske fiskeskøyter. Larsen hadde gode eigenskapar som leiar. Larsen ville ikkje leggja så mykje vekt på sin eigen innsats, og ville heller framheva dei folka han hadde med seg. Han melde seg friviljug til den finske vinterkrigen og under felttoget i Noreg kjempa han på Kongsvinger festning.
Larsen steig i gradene frå utskriven kvartermeister i 1941, til fenrik i 1943, løytnant i 1945 og kapteinløytnant i 1953.
Dekorasjonar Shetlands-Larsen var verdas høgast dekorerte allierte sjøoffiser. Mellom anna fekk han desse utmerkingane:
Land Orden, medalje Merknad Anna merknad Krigskrossen med sverd og stjerne St. Olavsmedaljen med eikegrein Krigsmedaljen med tre stjerner Deltakarmedaljen Medaljen for audsynt vågemod Conspicuous Gallantry Medal Britisk utmerking som vert tildelt offiserar i handelsflåten og marinen. Larsen fekk denne britiske utmerkinga som fyrste utlendingMedaljen for framifrå tenester «Distinguished Service Medal» med spenne «& Bar» Britisk utmerking som vert tildelt meinige i handelsflåten og marinen Krossen for framifrå tenester «Distinguished Service Cross» Britisk utmerking som vert tildelt befal i marinen Ordenen for framifrå tenester «Distinguished Service Order» Britisk utmerking tildelt offiserar.Den finske deltakarmedaljen For deltaking i den fyrste finske vinterkrigen
Litteratur Frithjof Saelen: None but the Brave: The Story of "Shetlands" Larsen, Souvenir Press, 1955.
Kategori:Norske offiserar Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Den norske marinen Kategori:St. Olavsmedaljen med eikegrein Kategori:Nordmenn frå andre verdskrigen