Ille-et-Vilaine (Il-ha-Gwilen på bretonsk) er eit departementet nordvest i Frankrike. Departementet ligg i regionen Bretagne.

Historie Ille-et-Vilaine er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Bretagne.

Geografi Departementet er i dag ein del av regionen Bretagne og grensar til departementa Manche, Mayenne, Maine-et-Loire, Loire-Atlantique, Morbihan og Côtes-d'Armor, i tillegg til Den engelske kanalen i nord.

Store elvar som renn gjennom departementet er Ille, Vilaine, Rance og Couesnon.

Demografi Folkesetnaden i departementet har vokse dei siste tiåra, og er no estimert til over 900 000. Med dagens vekst er det venta at ein passerer 1 million innbyggjarar i 2015.

Kultur Gallo er eit historisk minoritetsspråk som vert snakka aust i Bretagne. Gallo og bretonsk vert begge studert ved universitetet i Rennes.

Bakgrunnsstoff

Prefekturet i Finistère Conseil général i Finistère Kulturarv Byen Rennes

Kategori:Franske departement