Boulay-Moselle (tysk Bolchen) er ein liten by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Moselle i regionen Grand Est, og har om lag 5 000 innbyggjarar.
Historie Boulay vart først nemnd i 1184 som Bollei, og vart ein del av Frankrike i 1766. Under den andre verdskrigen vart byen i stor grad øydelagd.
Attraksjonar Boulay har eit kjent orgel i kyrkja i Boulay.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Moselle Kategori:Byar i Grand Est