Essonne er eit departementet nord i sentrale delar Frankrike. Departementet ligg i regionen Île-de-France, og er kalla opp etter elva med same namn.
Historie Essonne vart oppretta då det tidlegare departementet Seine-et-Oise vart delt opp 1. januar 1968, og utgjer den sørlege delen av det gamle departementet.
I 1969 vart kommunane Châteaufort og Toussus-le-Noble skild frå Essonne og lagt til departementet Yvelines.
Geografi Departementet er i dag ein del av regionen Île-de-France og grensar til departementa Hauts-de-Seine og Val-de-Marne i nord, Seine-et-Marne i aust, Loiret i sør og Eure-et-Loir og Yvelines i vest.
Dei nordlege områda av departementet ligg nær storbyområdet til Paris og er svært urbanisert. Dei sørlege områda er meir landlege.
Demografi Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Essonniens.
Største kommunar Dei største kommunane (meir enn 25 000 innbyggjarar etter ei folketeljing i 1999) er: Évry, Corbeil-Essonnes, Massy, Savigny-sur-Orge, Sainte-Geneviève-des-Bois, Viry-Châtillon, Athis-Mons, Palaiseau, Draveil, Yerres, Les Ulis og Vigneux-sur-Seine. Milly-la-Forêt er eit døme på ein meir landleg kommune.
Bakgrunnsstoff
Prefekturet si nettside Offisiell nettside
Kategori:Franske departement