thumb|right|Georg Riedel Georg Riedel () var ein svensk musikar og komponist med tsjekkoslovakisk opphav, kjend som jazzmusikar og komponist for musikk til filmar og TV-seriar baserte på bøkene til Astrid Lindgren.
Liv og virke Riedel vart fødd i Karlovy Vary i Tsjekkoslovakia og kom som flyktning til Sverige saman med foreldra då han var fire år gamal. Han voks opp i Stockholm og studerte komposisjon og kontrabass ved Kungliga Musikhögskolan. Han fullførte aldri studia. Opphavleg byrja han å spele fiolin, men skifta til kontrabass då han oppdaga jazzen. I 1950-åra spela han mellom anna saman med Lars Gullin og Arne Domnérus i Nalen-bandet. Det var i denne perioden han byrja å komponere og arrangere sin eigen musikk, der han eksperimenterte med å blande dei ulike stilartane og gje musikken nye uttrykk.
På 1960-talet arbeidde han saman med den svenske jazzpianisten Jan Johansson og medverka som bassist på albuma Jazz på svenska og Jazz på ryska. Georg Riedel byrja òg å skrive musikk til ballettar på 1960-talet. 1 1967 skreiv han musikken til fjernsynsbaletten Riedaighlia. Denne vart løna med Prix Italia same året. Riedel har motteke fleire prisar og stipend.
Han har skrive musikk til Dizzy Gillespie og Clark Terry, og laga innspelingar i lag med mellom anna Stan Getz, Alice Babs, Monica Zetterlund og den svenske Radiojazzgruppen.
Etter at Jan Johansson døydde i 1968 tok Riedel over arbeidet hans med å komponere musikk til filmatiseringane av bøkene til Astrid Lindgren. Georg Riedel har òg sett musikk til barneviser av Lennart Hellsing og Barbro Lindgren, og han har skrive kjenningsmelodien til filmane om Alfons Åberg (Albert Åberg). Den mest kjende av barnemelodiane hans i Sverige er Idas sommarvisa, som har vorte ein klassikar.
Georg Riedel komponerte i 1978 Nursery rhymes til Filharmonins Brassensemble og Arne Domnérus Jazzgrupp. I 1981 vart hans Concerto burlesco framført av Arne Domnérus Septet, Norrköpings Symfoniorkester og han sjølv som solo saksofonist. Begge musikkstykka er døme på den frie bruken hans av ulike musikksjangrar.
Den musikalske breidda til Riedel spenner vidt. Utom jazzen, barnesongane, ballettane og musikk til over 50 filmar har kan skrive for kor og komponert kunstmusikk og kyrkjemusikk. Georg Riedel har òg tonesett dikt av mellom anna Karin Boye, Gunnar Ekelöf og Tomas Tranströmer og skrive musikk til opera og musikal.
I 2006 vart Georg Riedel portrettert i den svenske fjernsynsfilmen Georg Riedel och det svenskaste som finns.
Utvald filmmusikk
Georg Riedel skreiv musikk til fleire filmar, mellom anna:
1988 - Vid vägen 1986 – Alla vi barn i Bullerbyn 1981 - Tuppen 1973 - Emil och griseknoen 1973 - Smutsiga fingrar 1970 - Pippi Långstrump på de sju haven 1969 – Pippi Långstrump 1967 – Roseanna 1966 – Ormen 1966 - Nattlek 1966 – Yngsjömordet 1965 - Nattmara 1965 - Morianerna 1964 – 491 1964 - Wild West Story
Prisar og stipend
2005 - Lars Gullin priset for den livslange innsatsen som jazzbassist 2005 - Alfvénpriset for arbeidet innan barnesongar 1997 - Thore Ehrling-stipendet 1997 - SKAP-stipendiet frå Föreningen Svenska Kompositörer Av Populärmusik 1976 - SKAP-stipendiet frå Föreningen Svenska Kompositörer Av Populärmusik
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Georg Riedel» henta frå Wikipedia på dansk 28. mai 2007.
Bakgrunnsstoff
Hugo Alfvénsällskapet: Komponisten Georg Riedel tilldelas Alfvénpriset 2005 Kabusa Konsthall: Jan Lundgren Georg Riedel
Kategori:Svenske jazzmusikarar Kategori:Svenske komponistar Kategori:Svenske bassistar