Meskheti (Meskh/Meskhet, Adzjar-Imereti, Adzjar-Akhaltsikh) er ei fjellkjede som er ein del av Litle Kaukasus sørvest i Georgia.
mini|venstre|Utsyn over Meskheti nær Abastumani i Georgia
Ho har ei lengd på 150 km og det høgaste punktet er Mepistskharo med ei høgd på 2 850 meter over havet. Meskheti er kjend for å få mykje nedbør. Området rundt Mtirala (i Adsjaria) var det våtaste området i Sovjetunionen og det våtaste i Kaukasus med ein årleg nedbørsnormal på om lag 4 500 mm.
Fjellsidene av Meskheti er hovudsakleg dekte av lauvskog (eik, kastanje, lønnetre, agnbøk og bøk) frå 1 200-1 800 meter. Dei høgaste områda er dekte av subalpine og alpine enger.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Meskheti Range» frå , den 28. mai 2007.
Kategori:Kaukasus Kategori:Fjell i Georgia