Aragvi er ei elv i Georgia på sørsida av Kaukasusfjella. Ho er 112 km lang og nedslagsfeltet dekkjer eit område på 2 724 km². Elva renn over eit underlag av sandstein, skifer og kalkstein. Demninga og vasskraftverket som er bygd i elva produserer mykje av elektrisiteten i Georgia. Demninga stod ferdig i 1986 og danna Zjinvali-reservoaret.Khevi-Aragvi reservatet Nær reservoaret ligg slottet Ananuri og ei kyrkje for Jomfru Maria sin himmelfart.

Aragvi munnar ut i Mtkvari nokre kilometer nedanfor demninga, ved Mtskheta.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Aragvi River» frå , den 28. mai 2007.

Bakgrunnsstoff Geografisk skildring av Aragavibassenget Sosioøkonomisk kart over Aragavibassenget

Kategori:Elvar i Georgia