Tsjiatura (georgisk: ჭიათურა) er ein by i regionen Imereti vest i Georgia. I 1989 hadde han om lag 30 000 innbyggjarar. Byen ligg i indre område ved elva Qvirila, og sidan 1879 har han vore eit stort senter for produksjon av mangan i Kaukasus. I Tsjitaura finn ein mellom anna nasjonalteateret Tsereteli, ti skular, eit fakultet av Det georgiske tekniske universitetet og domkyrkja Mgvimvi frå 1000- eller 1100-talet.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Georgia