Maud Angelica Behn () er dotter av Ari Behn og prinsesse Märtha Louise av Noreg.

Behn vart døypt den 2. juli 2003 i Slottskapellet, på dagen 100 år etter at oldefar hennar kong Olav V vart fødd. Ho vart boren til dåpen av morfar sin, kong Harald. Dei andre fadderane var kronprins Haakon, prinsesse Alexandra zu Sayn-Wittgenstein-Berleburg, mora si kusine Marianne Ulrichsen, Kåre Conradi, tanta Anja Sabrina Bjørshol og Trond Giske.

Maud Angelica Behn budde det fyrste leveåret sitt i Lommedalen i Bærum. Hausten 2004 flytta familien til New York i Sambandsstatane. Familien flytta tilbake til Noreg i 2005. Maud Angelica har to yngre systrer, Leah Isadora (f. 2005) og Emma Tallulah (f. 2008).

Arverett Maud Angelica Behn har arverett til den norske trona, og kjem etter mor si i arverekkjefylgja. Slik som mora stammar Maud Angelica direkte ned frå dronning Victoria av Storbritannia. Ho står difor på lista over engelske tronfylgjarar.

Kategori:Norske kongelege Kategori:Folk frå Oslo