Hiddensee er ei bilfri øy i Austersjøen, vest for øya Rügen ved kysten av Tyskland.
Øya har like over 1 000 innbyggjarar og var ein populær feriestad for Aust-Tyskland, og er det framleis i dag. Her ligg mellom anna den ornitologiske stasjonen til Universitetet i Greifswald, medan Gerhart Hauptmann og Walter Felsenstein er gravlagd her.
Den tyske ekspressjonistiske målaren Walter Grammatté målte fleire bilete av øya. Dei heng for tida i Brücke Museum i Berlin.
Ei vandresoge under DDR-tida var at arbeidarar og bønder på øya skreiv brev til Stalin der dei kravde å verte annektert av Sverige (Hiddensee var ein del av Svensk Pommern i 1648-1815). Sjølvsagt var det ikkje noko i dette ryktet, men viser den typiske humoren folk hadde i DDR for å overleve den sosialistiske kvardagen.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hiddensee» frå , den 31. mai 2007.
Bakgrunnsstoff
http://www.seebad-hiddensee.de
Kategori:Øyar i Austersjøen Kategori:Øyar i Tyskland