Ammersee er ein innsjø i Tyskland. Han ligg i regionen Oberbayern i delstaten Bayern, sørvest for München mellom byane Herrsching og Diessen. Med eit areal på 47 km² er han ein av dei fem største innsjøane i Tyskland. Han ligg 520 meter over havet og er 81 meter på det djupaste. Som andre bayerske innsjøar var Ammersee danna som følgje av isbrear etter siste istid. Ammersee får vatn frå elva Ammer, og renn ut i Amper. Som naboinnsjøen Starnberger See, som har liknande storleik og form, er han ein populær stad for vassport.
Ammersee og Amper er ein del av ei eldgamal keltisk ravrute som gjekk gjennom Brennerpasset, og derfor har dei fått det namnet dei har.
I antikken låg den keltiske byen Damasia nær innsjøen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ammersee» frå , den 1. juni 2007.
Bakgrunnsstoff
Informasjon om området rundt Ammersee Informasjon om Herrsching ved Ammersee
Kategori:Innsjøar i Tyskland