Sør-Ossetia er ein de facto sjølvstendig republikk, som ikkje er anerkjend av nokre land eller internasjonale organisasjonar (SN, OSSE, EU osv.). Ein annan del av Sør-Ossetia er kontrollert av dei georgiske styresmaktene. Georgia ser ikkje på Sør-Ossetia som ein sjøvstendig instans, men i april 2007 oppretta den georgiske regjeringa ei mellombels administrativ eining styrt av etniske ossetarar (tidlegare medlemmar av separatistregjeringa) som gjer at Tbilisi kan styre området via lokale leiarar og forhandle med dei ossetiske styresmaktene i eit forsøk på å løyse konflikten. Sør-Ossetia var ein autonom oblast i Georgia då det var ein del av Sovjetunionen.
Sør-Ossetia har eit areal på 3 900 km² og om lag 70 000 innbyggjarar, som er ei blanding av georgiarar og ossetarar (byane er omvekslande georgiske eller ossetiske utan klåre grenser). Den største byen, som fungerer som hovudstad i området, er Tskhinvali.
Geografi Sør-Ossetia ligg på sørsida av Store Kaukasus, som skil området frå det meir folkesette Nord-Ossetia i Russland, og strekkjer seg sørover til elva Kura i Georgia. Området er fjellkledd og ein større del av området ligg over 1 000 meter over havet.
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Georgisk geografi Kategori:Omstridde område i Georgia Kategori:Ikkje-anerkjende statar