Wakenitz er ei elv søraust i Schleswig-Holstein med utspring i Ratzeburger See i Ratzeburg. Ho er om lag 14,5 km lang og munnar ut i Trave i Lübeck. Det meste av austsida av elva dannar grensa mellom Schleswig-Holstein og Mecklenburg-Vorpommern. Etter den andre verdskrigen danna elva ein del av jernteppet mellom Vest- og Aust-Tyskland. Wakenitz har eit nedslagsfelt på om lag 445 km².
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Wakenitz» frå , den 6. juni 2007.
Kategori:Schleswig-Holstein Kategori:Mecklenburg-Vorpommern Kategori:Elvar i Tyskland