Friedberger Ach er ei lita elv i Bayern i Tyskland, og ei av sideelvane til Donau frå høgre. Ho har sitt utspring i landsbyen Untermühlhausen, nordaust for Landsberg am Lech. Det meste av lengda si renn ho parallelt til elva Lech, med ein avstand på berre nokre få kilometer. Byar langs Friedberger Ach er mellom anna Weil, Prittriching, Mering, Friedberg, Rehling, Thierhaupten og Rain. Etter Rain renn Friedberger Ach austover, parallelt til Donau før dei renn i hop nær Oberhausen.

Kjelde

Kategori:Bayern Kategori:Elvar i Tyskland Kategori:Sideelvar til Donau