Günz er ei elv i Bayern sør i Tyskland, og ei av sideelvane til Donau frå høgre. Den om lag 55 km lange elva har sitt utspring ved Lauben der den vestlege og den austlege Günz renn i hop. Desse elvane er 30 og 35 km lange og har sine utspring ved Obergünzburg i kommunen Untrasried (westliche Günz) og søraust for Günzach (östliche Günz). Ved Günzburg munnar Günz ut i Donau.
Günz har eit nedslagsfelt på 710 km².
Günz har gjeve namn til Günzistida.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Günz» frå , den 7. juni 2007.
Kategori:Elvar i Tyskland Kategori:Sideelvar til Donau Kategori:Bayern