AC/DC er eit australsk rockband danna i Sydney i 1973 av dei skotskfødde brørne Malcolm (rytmegitar) og Angus Young (sologitar). Musikken deira har vorte skildra som hardrock, bluesrock og heavy metal, men bandet kallar det ganske enkelt «rock and roll».
AC/DC gjekk gjennom fleire endringar i besetninga før dei gav ut sitt første album, High Voltage (1975). Besetninga stabiliserte seg deretter rundt brørne Young med Bon Scott (solovokal), Mark Evans (bass) og Phil Rudd (trommer). Evans vart sparka frå bandet i 1977 og erstatta av Cliff Williams, som sidan har medverka på alle albuma sidan Powerage (1978). Sju månader etter utgivinga av gjennombrotsalbumet til bandet Highway to Hell (1979) døydde Scott av alkoholforgifting og dei andre medlemmene vurderte å oppløysa bandet. På oppmoding frå foreldra til Scott heldt dei likevel fram saman og rekrutterte den engelske songaren Brian Johnson som ny frontmann. Deira første album med Johnson, Back in Black (1980), vart tileigna minnet til Scott. Det vart ein utbreidd suksess, lanserte bandet til nye høgder og vart det nest bestseljande albumet gjennom tidene.
Det åttande studioalbumet deira, For Those About to Rock (1981), var deira første album som nådde førsteplassen i USA. Før utgivinga av deira neste album, Flick of the Switch (1983), forlét Rudd bandet og vart erstatta av Simon Wright, som sjølv vart erstatta av Chris Slade seks år seinare. Bandet opplevde ei kommersiell gjenoppblomstring tidleg på 1990-talet med utgivinga av det 12. studioalbumet deira The Razors Edge (1990); det var det einaste albumet deira med Slade, som vart erstatta av den tilbakevendte Rudd i 1994. Rudd har sidan spelt inn fem album til med bandet, og starta med Ballbreaker (1995). Det 15. studioalbumet deira Black Ice var det nest mest selde albumet i 2008 og deira største hit sidan For Those About to Rock, og nådde til slutt førsteplass på verdsbasis.
Bestninga i bandet var den same i 20 år fram til 2014, då Malcolm Young trekte seg på grunn av tidleg demens (som han døydde av tre år seinare) og Rudd vart involvert i juridiske problem. Malcolm vart erstatta av nevøen Stevie Young, som debuterte på albumet Rock or Bust (2014). På tilhøyrande turné vikarierte den tidlegare trommeslagaren Chris Slade for Rudd. I 2016 vart Johnson tilrådd å slutta å turnera på grunn av forverra høyrselstap, og Guns N' Roses-songaren Axl Rose steppa inn som frontmannen i bandet for resten av konsertane det året. Den mangeårige bassisten og korvokalist Williams trekte seg på slutten av Rock or Bust-turneen i 2016, og gruppa gjekk inn i ein pause på fire år. Ei gjenforeining av Rock or Bust-besetninga vart kunngjord i september 2020 og det 17. studioalbumet deira Power Up vart gitt ut to månader seinare.
AC/DC har selt meir enn 200 millionar plater over heile verda, inkludert 75 millionar album i USA, noko som gjer dei til den niande mest selde artisten i USA og den 16. mest selde artisten i verda. Back in Black har selt om lag 50 millionar einingar over heile verda, noko som gjer det til det nest mest selde albumet gjennom tidene og det mest selde albumet av eit band. Albumet har selt 25 millionar einingar i USA, der det er det fjerde mest selde albumet gjennom tidene. AC/DC vart innlemma i Rock and roll Hall of Fame i 2003 Dei kom på fjerdeplass på VH1 si liste over dei 100 beste hardrockartistane og vart kåra til det sjuande beste heavy metal-bandet gjennom tidene på MTV. I 2004 vart dei rangerte som nr. 72 på Rolling Stone si liste over dei 100 beste artistane gjennom tidene. Den amerikanske plateprodusenten Rick Rubin, som skreiv eit essay om bandet for Rolling Stone, kalla dei «det største rock and roll-bandet i historia». I 2010 rangerte VH1 dei som nr. 23 på lista si over dei 100 beste artistane gjennom tidene.
Histore Skiping og namn (1973-1974) I november 1973 danna Malcolm og Angus Young AC/DC saman med bassisten Larry Van Kriedt, vokalisten Dave Evans og eks-Masters Apprentices-trommeslagaren Colin Burgess. Gene Pierson booka bandet til å spela på nattklubben Chequers på nyårsaftan 1973. På denne tida hadde Angus Young teke i bruk det karakteristiske sceneantrekket sitt, ein skuleuniform. Ideen kom frå syster hans Margaret. Angus hadde prøvd andre kostyme: Spider-Man, Zorro, ein gorilla, og ein parodi på Supermann, kalla Super-Ang. I byrjinga var dei fleste medlemmene av bandet kledd i ei eller anna form for glam- eller satengklede. På scena vart Evans tidvis erstatta av den første manageren deira, Dennis Laughlin, som var den opphavlege vokalisten i Sherbet. I Paul Stenning-boka AC/DC: Two Sides To Every Glory kjem det fram at Evans ikkje kom overeins med Laughlin, noko som òg bidrog til bitterheita til bandet mot Evans.
mini|Logoen til bandet vart designa i 1977 av Gerard Huerta. Han dukka først opp på den internasjonale versjonen av Let There Be Rock. Malcolm og Angus Young utvikla ideen til namnet til bandet etter at syster deira, Margaret Young, såg initialane «AC/DC» på AC-adapteren til ei symaskin. «AC/DC» er ei forkorting som betyr «vekselstraum/likestraum». Brørne følte at dette namnet symboliserte den rå energien i bandet, og dei kraftdrivne framføringane av musikken deira. «AC/DC» blir ein bokstav uttalt om gongen, sjølv om bandet er kjent som «Acca Dacca» på folkemunne i Australia. Bandnamnet AC/DC er stilisert med eit høgspenning-teikn som skil «AC» og «DC» og har vorte brukt på alle studioalbum, med unntak av den internasjonale versjonen av Dirty Deeds Done Dirt Cheap.
I midten av 1974 hadde bandet opparbeidde seg eit sterkt live-rykte, noko som førte til ein oppvarmingsjobb for den besøkjande Lou Reed. Ein gong i 1974, på tilråding av Michael Chugg, booka den erfarne Melbourne-arrangøren Michael Browning bandet til å spela på klubben hans, Hard Rock. Han var ikkje nøgd med glamrock-imaget deira og meinte at Evans var feil songar for bandet, men var imponert over gitarspelet til Young-brørne. Kort tid etter fekk han ein telefon frå bandet; Laughlin hadde slutta som manager, og dei sat fast i Adelaide utan pengar. Browning gjekk med på å betala for dei og booka dei til ein ny konsert på Hard Rock. Etter konserten vart dei samde om å tilsetja han som den nye manageren sin, i samarbeid med den eldre bror hans George og Harry Vanda. Young-brørne bestemde seg for å gje opp glamrock-imaget som allereie hadde vorte adoptert av Melbourne-bandet Skyhooks og forfølgja ein hardare bluesrock-stil. Til dette føremålet vart dei samde om at Evans ikkje var ein passande frontfigur for gruppa. Rundt denne tida flytta dei òg basen sin til Melbourne, der dei ofte spelte på Hard Rock.
Bon Scott-æraen (1974-1980)
Byrjinga (1974-1976) I september 1974 erstatta Bon Scott, ein erfaren vokalist frå Fraternity og ven av George Young, Dave Evans etter at venen Vince Lovegrove tilrådde han til George Young. Utnemninga av Scott fall saman med at han jobba som sjåfør for bandet på den tida og etter ei prøvespeling vart han forfremja til vokalist. Til liks med Young-brørne vart Scott fødd i Skottland og emigrerte til Australia i barndommen. Bandet hadde berre spelt inn ein singel med Evans, «Can I Sit Next to You, Girl». / «Rockin' in the Parlour»; songen vart skrive om og spelt inn på nytt med Bon Scott.
I oktober 1974 hadde AC/DC spelt inn det første studioalbumet sitt, High Voltage. Det vart gitt ut eksklusivt i Australia den 17. februar 1975, saman med singelen «Baby, Please Don't Go» / «Love Song». Albumet tok berre ti dagar, og var basert på instrumentale songar skrive av Young-brørne, med tekstar lagt til av Scott. I løpet av få månader hadde besetninga til bandet stabilisert seg, med Scott, Young-brørne, bassisten Mark Evans og trommeslagaren Phil Rudd. Seinare same år gav dei ut singelen «It's a Long Way to the Top», som det vart laga ein kjend promoteringsvideo til for programmet Countdown, med bandet mimande songen på lasteplanet til ein lastebil. AC/DC gav ut det andre studioalbumet sitt, T.N.T., 1. desember 1975, som òg berre vart gitt ut i Australia og New Zealand.
AC/DC skulle etter planen spela på Sunbury Pop Festival i 1975, men drog heim utan å opptre etter ein krangel med leiinga og medlemmane i hovudattraksjonen Deep Purple.
Mellom 1974 og 1977, hjelpt av regelmessige opptredenar på Molly Meldrum-programmet Countdown, ABC sitt nasjonale popmusikk-show, vart AC/DC ein av dei mest populære og suksessrike artistane i Australia. Framferda deira 3. april 1977 var deira siste TV-framferd på meir enn 20 år.
Den første suksessen, platekontrakt (1976-1977) mini|upright|venstre|Den tidlegare vokalisten Bon Scott (i midten) avbilda saman med gitaristen Angus Young (t.v.) og bassisten Cliff Williams (bak), under ein opptreden i Ulster Hall i august 1979Browning sende promo-materiale til kontaktar i London, som vart lagt merke til av Phil Carson i Atlantic Records. I 1976 signerte bandet ein internasjonal avtale med Atlantic Records. Då dei kom til London vart den planlagde turneen med Back Street Crawler avlyst etter at Paul Kossoff døydde. Som eit resultat gjekk dei tilbake til å spela på mindre spelestader for å byggja opp ein lokal tilhengjarskare inntil plateselskapet deira organiserte «Lock Up Your Daughters»-turneen sponsa av Sounds, det einaste store musikkmagasinet som framleis var relativt mottakeleg for tradisjonell rockemusikk. På den tida var pønkrock i ferd med å slå igjennom og kom til å dominera sidene i dei store britiske musikkblada NME og Melody Maker. AC/DC vart nokre gonger identifisert med pønkrock-rørsla av britisk presse, men banda hata pønkrock og meinte det var ein forbigåande mote – manager Michael Browning skreiv at «det var ikkje eingong mogleg å ha ein samtale med AC/DC om pønk utan at dei vart heilt forbanna». Ryktet deira klarte å overleva omveltingane til pønken, og dei heldt oppe ei kultkjensle i Storbritannia gjennom heile denne tida. Angus Young vart berykta for å vise den bare ræva si til publikum under konertane deira.
Det første AC/DC-albumet som fekk verdsomspennande distribusjon var ei samling frå 1976 med låtar henta frå High Voltage og T.N.T.. òg kalla High Voltage, og gitt ut på Atlantic Records-etiketten, har albumet til dags dato selt tre millionar eksemplar over heile verda. Låtutvalet var tungt vekta mot det nyare T.N.T., inkludert berre to songar frå den første plata deira. Det tredje studioalbumet deira, Dirty Deeds Done Dirt Cheap, vart gitt ut same år i både australske og internasjonale versjonar, som forgjengaren. Sporlistene varierte over heile verda, og den internasjonale versjonen av albumet inneheldt òg T.N.T.-sporet «Rocker», som tidlegare ikkje hadde vorte gitt ut internasjonalt. Den opphavlege australske versjonen inkluderte «Jailbreak» (no lettare tilgjengeleg på samlingsalbumet '74 Jailbreak, ein EP frå 1984 eller som ein liveversjon på albumet Live frå 1992). Dirty Deeds vart ikkje gitt ut i USA før i 1981, då bandet var på toppen av populariteten sin.
Etter ein kort turné i Sverige vende dei tilbake til London der dei sette nye publikumsrekordar under opphaldet sitt på Marquee. Framferda deira på Readingfestivalen i 1976 fekk likevel ingen respons frå publikum. Dei turnerte mykje i Europa, og returnerte deretter til Australia i slutten av 1976 for å byggja opp att økonomien og spela inn det fjerde studioalbumet sitt, Let There Be Rock.
Tidleg i 1977 vende dei tilbake til Storbritannia og byrja ein Europa-turné med Black Sabbath. Medan Bon Scott og Ozzy Osbourne raskt vart vener, var forholdet mellom dei andre medlemmene i dei respektive bandane mindre hjarteleg. I ei hending trekte Geezer Butler ein «kniv» mot Malcolm Young, sjølv om det var ein «tåpeleg» knivkam. Seinare på året turnerte dei med Rainbow.
Cliff Williams blir med, Bon Scott døyr (1977-1980)