Arendalsbanen, eller Arendalslinja eller Nelaugbanen, er ei sidelinje til Sørlandsbanen. Arendalsbanen som går mellom Nelaug og Arendal. Heile banen ligg i Agder fylke.

Banen blir i dag hovudsakleg nytta av passasjerar mellom Arendal og Oslo, og dei må bytte tog på Nelaug. Frå Nelaug er det òg samband til Kristiansand og Stavanger. Arendalsbanen har sidan 1970-talet støtt vore trua av nedlegging. Arendalsbanen vart opphavleg ikkje bygd som sidelinje, men som ein sjølvstendig bane som skulle knytte Arendal til opplandet rundt byen.

Oppgradering Banen vart elektrifisert i 1995. I 2005 vart det opna ein ny haldeplass på Stoa som er det nye handleområdet der banen kryssar E18. I 2014 blei signalsystemet på banen oppgradert med fjernstyring og FATC. Arendalsbanen er planlagt utstyrt med signalsystemet ERTMS i 2028.

Drift Banen er ein av Trafikkpakke 1 Sør. Resultatet av konkurransen var at NSB tapte og det britiskeigde selskapet Go-Ahead Norge overtok drifta frå 15. desember 2019. Toga på banen som er eigd av Norske tog, blir trafikkert med elektrisk motorvognsett type 69H (3 vogner) bygd i 1983-84.

Linjekart Kilometrering refererer til Oslo

Kjelder

Bakgrunnsstoff Heimeside (Arendalsbanen.no) Jernbaneverket – Arendal – Åmlibanen 100 år (17. desember 2010) Arendal på jernbane.net – Ukas postkort uke 44: Arendalsbanen

Kategori:Arendalsbanen Kategori:Jarnbanestrekningar i Agder Kategori:Jarnbanestrekningar i Noreg med persontrafikk Kategori:Jarnbanestrekningar opna i 1908 Kategori:1908 i Noreg Kategori:Samferdsle i Arendal Kategori:Samferdsle i Froland Kategori:Samferdsle i Åmli