§135a i den norske straffelova vert kalla rasismeparagrafen. Paragrafen vart innført i 1970 og forbyr diskriminerande og hatefulle offentlege ytringar og symbol på grunn av hudfarge, etnisitet eller nasjonalitet, religion, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, eller nedsette funksjonsevne. Paragrafen dreidde seg først om ytringar mot folk med annan etnisk bakgrunn, men har seinare vorte endra og utvida fleire gonger. Brot på paragrafen kan straffast med fengsel i opp til tre år.

§135a er i dag ein av dei mest omdiskuterte lovparagrafane i Noreg, men få er dømde for å bryta han. Sidan slutten av 90-talet har talet på politimeldingar auka. Ofte er det antirasistar og politiske motstandarar som melder desse sakene.

Bruk Den første som vart dømd for hatefulle ytringar, var universitetslektoren Olav Hoaas. Han vart tiltalt for å ha uttalt at jødar burde sendast ut av landet.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Kapittel 13 i straffelova

Kategori:Straffelova Kategori:Rasisme