Leif Erlend Johannessen () er ein norsk sjakkspelar.

Han vart utnemnd til internasjonal sjakkstormeister i 2002, som den femte norske med denne tittelenStormeistertittelen tildelt på FIDE-kongressen i Bled 2002.

Han har dei siste åra blitt rangert som den tredje sterkaste sjakkspelaren i Noreg, etter Magnus Carlsen og Simen Agdestein.

Leif Erlend Johannessen klarte krava til stormeister-tittelen ved sterke resultat i turneringar i Oslo i januar 2002Norsk sjakkblad nr 2, 2002, s. 4-6, på Bermuda også i januar 2002Norsk sjakkblad nr 2, 2002, s. 4-6, og til slutt i Sigeman-turneringa i Malmö i juni 2002Norsk sjakkblad nr 4, 2002, s. 30. Desse sterke resulta gjorde at han også klarte å nå kravet om å oppnå eigen rating på minst 2500.

Han blei utnemnd til Internasjonal meister i sjakk i 1999 etter sterke resultat i Roskilde Open i juli 1998Norsk sjakkblad nr 5, 1998 s. 30-31, Oslo Schakselskap si påsketurnering i mars-april 1999Norsk sjakkblad nr 3, 1999 s. 3 og NM på Gausdal i juli 1999Norsk sjakkblad nr 5, 1999 s. 4-10.

Leif Erlend Johannessen har deltatt 5 gongar på det norske landslaget i sjakk-OL (lag-VM i sjakk), i åra 2000, 2002, 2004, 2006 og 2008. I 2000 spelte han på 1. bord. Han har eit samla resultat på 16 sigrar, 22 remisar og 18 tap, 27,0 poeng på 56 parti, 48,2 %Olimpbase.

Leif Erlend Johannessen er medlem i Oslo Schakselskap. Han er jurist av utdanning.

Bakgrunnsstoff Leif Erlend Johannessen sine beste parti på www.chessgames.com Leif Erlend Johannessen sine sjakkparti i Noreg hos NorBase Omtale av Leif Erlend Johannessen på stormeister Rune Djurhuus sine sjakksider Leif Erlend Johannessen sin rating hos verdssjakkforbundet FIDE

Kjelder Norsk sjakkblad nr 5, 1998 Norsk sjakkblad nr 3, 1999 Norsk sjakkblad nr 5, 1999 Norsk sjakkblad nr 2, 2002 Norsk sjakkblad nr 4, 2002 Olimpbase, database over sjakk-olympiadar mv

Fotnotar

Johannessen, Leif Erlend Johannessen, Leif Erlend Kategori:Sjakkolympiadedeltakarar